Visekonsernsjef i Bremnes Seashore-konsernet Einar Eide fråtrer ved utgangen av februar, skriv Bremnes Seashore i ei pressemelding.

– Etter 15 år i selskapet er det med vemod eg går frå gode kollegaer og eit svært spennande sjømatkonsern. Eg ser fram til å ta fatt på nye moglegheiter og er trygg på at Bremnes Seashore-konsernet er klar for nye steg i tida framover, uttalar Eide i pressemeldinga.

– Einar har vore sentral i utviklinga av Seashore-konsernet dei siste 15 åra. Me har i denne perioden teke store steg, og er i dag eit fullintegrert sjømatkonsern som finansielt og organisatorisk er godt rusta for vidare framgang. Eg er veldig takknemleg for Einar sin innsats for selskapet vårt, uttalar konsernsjef Olav Svendsen i pressemeldinga.

I starten av februar blei det klart at også Svendsen skal gå av. I november tek Linda Litlekalsøy Aase over som konsernsjef. Ho gjekk av som konsernsjef i Salmar hausten 2022.