Vi må bli betre til å vise samhaldet og gleda til resten av Norge
Har du lagt merke til det? Enten som ny eller gamal i bransjen. Kor unik er eigentleg havbruksfamilien?
Gjestekommentar
Skrevet av Kristin Langeland i Sjømat Norge. Organisasjonen er en av Intrafish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik – senior associate i Wiersholm, Dag Sletmo – seniorrådgiver i DNB Seafood, oppdretter Sondre Eide, Nina Santi, seniorrådgiver i Inaq, advokat Halfdan Mellbye i Sands og Erlend Bullvåg, administrerende direktør i Kunnskapsparken Bodø.
Som taletrengt møring, glad i forsamlingar, ein god drøs, i løpet av eit 47 år gamalt sjømatliv – er det ein ting som eg ofte har undra meg over: Har me ikkje eit ufatteleg godt samhald? Får du ikkje kjensla over at vi er ein gjeng som heng svært godt i lag?
Greitt nok, no er eg kanskje høg på det heile etter intense dagar i Bergen, der vi i Sjømat Norge samla nesten 500 på Bryggen. Der og var samhaldet svært godt, trass i at raudgrøne politikarar prøvde intenst å stikke kjeppar i hjulet og slå splid i familien, med sin skattepolitikk.
Som ein nytilsett sa til meg i Bergen, over kaffikoppen i ei av pausane. Eg spurde om korleis det hadde vore dei fyrste månadene. Vedkomande sa: «Øyvind, kva i all verda slags gen er i havbruk? Går alle på same fôr». Eg spøka sjølvsagt og sa det var fordi vi et så mykje laks.
Då eg byrja i Sjømat Norge for snart 13 år sidan, var vi rundt 400 medlemsbedrifter. No er vi over 850. Ja, det seier sjølvsagt noko om at vår næring veks, at vi i Sjømat Norge har opna opp for både leverandørindustrien, fiskehelse, reiarlag og meir til. Likevel, eg er sikker på at noko av årsaka til at vi også veks er at folk set pris på å vere ein del av det vi tilbyr. Når vi spør folk etter konferansar, kvifor kjem du, kva er årsaka til at du melder deg på? 9 av 10 seier samhaldet, å møte folk.
Samhald får ein ofte av motbør. Er det noko norsk havbruk har hatt dei siste 50 åra er det oppoverbakkar. Stikkord som straffetoll, dumpinganklager, konkursar, lakseberg og no grunnrenteskatt. Alle desse heftige motbakkane har nok bidratt til at vi står sterkare saman.
Men, det er vel ikkje berre slik at det er utfordringar som gjer at vi trivets godt saman? Kva i all verda gjer at vår familie har noko eg hevdar er unikt?
Vegen til folks hjarte går gjennom magen, heiter det i ordtaket. Kva har vi? Eit produkt som er ernæringsrikt, sunt, fantastisk godt og ikkje minst: Folk over heile verda set enormt pris på det. Tenk kor mange millionar gode samtalar det over heil verda, der folk hyggjer seg med sjømat frå Noreg? Kvar einaste dag! Det du gjer, det du er ein del av. Slikt er unikt, skaper samhald, gjer oss stolte. Eg trur svaret ligg der.
PS! På tampen, og lærdom frå Bergen: Vi må bli betre til å vise samhaldet og gleda til resten av Norge. Når vi får millionar verda over til å juble for sjømaten, bør vi absolutt klare det og her heime.
(Vilkår)