Innlegg

Tilsvar skrevet av oppdrettar Sondre Eide i Eide Fjordbruk

Med innføringa av grunnrenteskatt på 35 % vil det totale effektive skattenivået i Noreg for ein norsk oppdrettar vere om lag 80 %, medan det i land norsk havbruksnæring konkurrerer med varierer frå Canada med 33 % ned til Irland som har under 15 %. Mi meining er ikkje at me skal betale minst mogleg skatt i Norge, men at me skal baka ei felles kake som gir størst mogleg verdiar for fellesskapet, slik at vi kan finansiere skule, barnehagar, politi, forsvar og sjukehus. Over heile landet. Men dersom havbruksnæringa blir flytta ut av Norge, blir da ein veldig liten kake att å fordele.

Det norske velferdssamfunnet og våre naturgjevne fortrinn er absolutt verdiar som har gjort det mogleg å drive havbruksnæringa i Noreg. Men, det nyttar ikkje å sjå i bakspeilet for å lage politikk for vegen som ligg framfor oss.

Nye produksjonsmetodar, anten det er på land, offshore eller lukka i sjø og fjord, kan i prinsippet leggast til heilt andre delar av verda. I eit slikt scenario er det viktig at rammevilkåra samla sett er gods nok til at Noreg framleis kan halde posisjonen som ein av verdas fremste sjømatnasjonar. Særleg viktig er dette for å kunne investere i nye lukka produksjonsmetodar som kan vere med å løyse vekstutfordringar næringa har med lus, dødelegheit og dessutan at einkvan samle opp slammet og bruke det sirkulært. Det er difor interessant at Jacobsen og Staalesen peikar i retning av ein målretta innsats for å få til ein teknologisk utvikling i norsk havbrukssektor. Men det hastar med incentiv, og det må difor kome nye incentiv under Stortingets handsaming av grunnrenteskatten no i vår.

Umogleg å satse kommersielt på lukka produksjonsmetodar

Lat meg forklare kvifor der er umogleg å satse kommersielt på lukka produksjonsmetodar i sjø med dagens rammevilkår. For det første må lisensar og konsesjonar skaffast gjennom den ordinære auksjonsrunden. Det inneber at vi først må betale mange hundre millionar. Det å deretter investere i lukka produksjonsteknologi som kostar 30 gonger meir enn ein tradisjonell merd, samstundes som driftskostnadene er vesentleg høgare, blir difor i seg sjølv umogleg å rekne heim. For det andre vil det samla skatte- og avgiftstrykket medføre at sleke prosjekt, som ikkje er stadbundne til norske fjordforhold, har langt betre rammevilkår i konkurrerande havbruksnasjonar. Eller hos nye nasjonar der den nye teknologien opnar moglegheiter for havbruk, som ikkje har eksistert tidlegare.

Det er i fjordane me må finne løysingar på utfordringane rundt havbruk for å berekraftig kunne generere meir verdiskaping. Samstundes er det nær kysten potensialet for vekst er størst for norsk havbruk. Det er difor relativt uforståeleg for meg korleis miljø- og naturaspektet er totalt fråverande i den nye modellen for grunnrente. Lat meg vere heilt presis: med dagens samla rammevilkår vil lukka teknologi, som kan bidra til å løyse utfordringane langs kysten, ikkje realiserast i kommersiell skala i Norge.

Den opplagde løysinga

Så, lat meg heller gå over til den opplagde løysinga. For det første må lukka produksjonsmetodar i sjø, som har tilsvarande miljøeffekt som landbaserte anlegg, òg unnatakast frå grunnrenteskattlegging. Her bør ein sjå til den suksessrike elbil modellen. Det hjelper ikkje å argumentere for at modellen er næringsvenleg, og at staten tek ein del av investeringskostnaden, når sanninga er at dei samla vilkåra gjer det økonomisk uansvarleg å investere kommersielt i denne teknologien. For det andre må det etablerast ein konverteringsordning, der dei som byter ut ein open konsesjon, får tre lukka lisensar i retur. Det gjer det mogleg å forsvare investeringane, samstundes som utfordringar som lus, rømmingssikkerheit og kan avfall handterast, og vekst i næringa kan skje langs heile kysten, òg i dei røde områda i trafikklyssystemet.

Hold deg oppdatert!
Skreddersy varslene dine og følg med på hva som skjer i næringa.

Til sist må det differensierast mellom opne og lukka produksjonsmetodar i konsesjonssystemet. Det skjer ingen investeringar dersom me må betale det same for ein konsesjon, uavhengig om me brukar open eller lukka teknologi. Noko av dette burde vore handsama i den lenge varsla miljøteknologiordninga, men her sit openbert regjeringa på hendene og håpar ingen skal oppdage at ordninga ikkje er kome. Det fungerer dårleg.

Eg har stor tru på at det er nok offensive og moderne krefter på Stortinget, som er villige til å korrigere ordninga når saka skal handsamast i Stortinget. Eg har merka meg tydelege signal frå både SV, MDG, Frp og delvis Høgre som gir grunnlag for håp. AP sine representantar peiker også i ein teknologisk retning.

Om Norge skal vere ein leiande havbruksnasjon om 10 år, må vi leggje incentiver på plass for ein enno meir berekraftig næring, slik at vi tek vare på samfunn, natur og sjø, samstundes som vi kan vekse vidare basert på innovasjon, teknologisk utvikling og investeringsvilje. Det er på denne måten me sikrar framtidas velferdssamfunn i Norge, framfor å sende norsk havbruksnæring til utlandet. No må Stortinget gjere jobben.