28 år og 4 månader. Det står det på Linkedin-profilen til Kari Lisbeth Fjørtoft (57) at ho har jobba som seniorrådgivar i Møreforsking.

Frå starten av mai er både stillingstittel og arbeidsgivar bytta ut. No er ho tilsett som prosjektleiar i Hofseth International.

– Der skal eg jobba med ulike prosjekt, blant anna restråstoff, men òg andre prosjekt etter kvart. Eg er heilt i startfasen og har ikkje heilt oversikt, seier Fjørtoft, og legg til:

– I Møreforsking har eg jobba med mange prosjekt langs heile verdikjeda, så eg kan forhåpentleg brukast til ein del, seier Fjørtoft og ler.