Brede Fannemel (27) jobbar for å gjere framtidas laks meir robust: – Det er utruleg kva potensial som ligg i genetikken
Prosjektleiaren i Benchmark Genetics er nybakt pappa til ei lita jente. No er familien i ferd med å vende nasen heimover til Hornindal på Søre Sunnmøre.
– Det er veldig stas. Me er i ein prosess med å busetje oss nærmare heime. Planen er heimekontor, med regelmessige turar til Bergen og elles der Benchmark har aktivitet, seier Brede Fannemel over telefonen.
Han er utdanna sivilingeniør i havbruk og sjømat frå UiB, og har også eit årsstudium i biologi frå NTNU i Ålesund. Her delar han litt om jobbkvardagen i Benchmark Genetics.