Me må tørre å endre det etablerte, for å forma framtida
Me i Noreg er ofte ydmyke og likar ikkje å stikke hovet vårt fram. Når det gjeld da som kan bli verdas mest progressive politikk for havbruksnæringa, bør me ikkje gå stille i dørene.
Om me designa ei miljøteknologiordning som verkeleg set fart på ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa, vil Noreg ikkje berre vere på kartet, me vil vere kartet. Me vil setje standarden som andre nasjonar må strekkje seg etter, og som forbrukarane krev. Me vil ikkje berre vere med i spelet, me vil endre og definera da.
For da me snakke om av mogelege, og eg vil seie sannsynlege, konsekvensar av ei konverteringsordning, der ein kan veksle inn ein open konsesjon med tre lukka? Dette er like mykje ein leksjon i effektivitet som det er i berekraft. For det første snakkar me om ei auke i produksjonen, samstundes som me løyser utfordringane i lakseoppdrett og avfallet blir gjort om til rein ressurs. Noko som rett og slett er å endre spelereglane. For da andre skaper me ei ny og differensiert verdiskaping langs heile kysten, for alle involverte. Og sist, men ikkje minst, dette er meir enn norsk ingeniørkunst; dette er ein global teknologisk utvikling.
Med rett implementering av miljøteknologiordninga posisjonerer me Noreg som ein global leiar innan havbruk og berekraftige løysingar. Det er ikkje berre disruptivt; det er overleving i ei verd der valget er å forstyrre eller forsvinne.
Me i Noreg er ofte ydmyke og likar ikkje å stikke hovet vårt fram. Når det gjeld da som kan bli verdas mest progressive politikk for havbruksnæringa, bør me ikkje gå stille i dørene. Dersom politikarane gjer dei rette grepa, vil Noreg kunne bidra massivt til å løysa fleire av verdas største utfordringar, samstundes som me sørgjer for ein reell grøn verdiskapingsbølgje langs heile kysten her heime.
(Vilkår)