– At vi får Carl-Erik med på laget, tilfører oss veldig mykje kunnskap og erfaring. Han kjenner næringa frå alle sider av bordet, og han har lang erfaring med drift av selskap, både som leiar og gjennom styreverv. Han vil kunne hjelpe oss med å utvikle vår strategi og portefølje, samt vere ein god sparringpartner internt i organisasjonen, seier dagleg leiar i Havbrukspartner, Øyvind Kråkås i ei pressemelding.

Carl-Erik Arnesen har drive med produksjon, sal og leiing innan fiskeoppdrett sidan 1982 både i Norge og utlandet. Han har jobba mest med laks og aure, men også med kveite, havabbor og skjel. Han har og fartstid i Fiskeriseksjonen i Den norske Bank og hatt administrative oppgåver og tillitsverv i bransjeorganisasjonar.

Han var administrerande direktør i Firda-gruppa i 16 år, og sals- og marknadsdirektør i Alsaker Fjordbruk AS. Frå 1. desember er han tilsett som adm. direktør i Hav Line AS, reiarlaget som skal drive slaktebåten «Norwegian Gannet», som er under bygging i Spania.

– Eg gler meg til å følge Havbrukspartner i sitt arbeid med å hjelpe små- og mellomstore oppdrettsbedrifter langs kysten, seier Arnesen i pressemeldinga.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook, Linkedin og Twitter, eller abonner på vårt daglige nyhetsbrev.