IntraFish stilte i sist veke spørsmålet om sjølvstendige brønnbåtrederi var i ferd med å fasast ut. Bakgrunnen var at Nordlaks tidlegare i februar bestilte sin andre brønnbåt, og fleire andre selskap har gjort det same dei siste åra.

IntraFish har snakka med ei rekkje oppdrettsselskap på Vestlandet, og fleire av dei seier dette er eit spørsmål dei vurderer, men at dei ikkje har gjort konkrete vedtak om å investere i denne retninga. Berre eit selskap er avvisande til det.

– Me har ikkje gjort slike vurderingar.