I starten av innlegget sa ministeren at han ikkje ville seie noko konkret om årets fargelegging, og viste til prosessane som er i gong. Kunngjeringa om kva farge dei ulike produksjonsområda får, kjem først i desember. Men i spørsmålsrunden etter innlegget, slo Nesvik fast at alle fargane blir brukt også i år.

- Alle tre fargane er kopla på, og alle tre fargane gjeld, sa ministeren til dei frammøtte mot slutten av møte.

På det opne møte som Bergen Næringsråda arrangerte var temaet trafikklysa og når ein få vite fargane.