Fleire laks som nyleg fekk lusebehandling, har rømt frå Nordfjord Forsøksstasjon sin lokalitet Hundvika aust natt laurdag. Det var Fjordabladet som meldte om saka først.

Rømminga skjedde etter at fleire pigghå kom seg inn i éi av nøtene.

— I samband med avlusing såg vi pigghå inne i nota, seier dagleg leiar i Nordfjord Forsøksstasjon Stig Bakke.

Bakke opplyser at fisken var behandla med lusemiddelet Slice veka før. Fisken må derfor ikkje etast.

— På grunn av denne behandlinga som vart avslutta for ei veke sidan, så bør ein ikkje eta fisken før det er gått éi veke, seier Bakke.