Tidleg i mars vart den første generasjonen av eigenprodusert stamfisk strokne hjå Namdal Rensefisk i Flatanger. Rensefiskanlegget opna i januar 2019 eit eige avlsanlegg for rognkjeks i samarbeid med ei rekke selskap i havbruksnæringa. No er det blitt valt ut ein robust foreldregenerasjon som skal vera meir motstandsdyktig mot sjukdom.

Atypisk furunkulose

Atypisk furunkulose er ein infeksjon forårsaka av atypiske variantar av bakterien Aeromonas salmonicida.

Den affiserer fleire artar inkludert laks og rensefisk som rognkjeks, berggylt, grønngylt og bergnebb.

Kjelde: Fish Vet Group Norge.