IntraFish møter Halfdan Mellbye (58) i lokala til advokatfirmaet Sands i Bergen sentrum. Dei har som dei fleste andre hatt heimekontor, men førre veke fekk dei igjen lov til å vera tilbake på jobb.

Konferanserommet på Torgallmenningen er luftig og lyst med godt plass til å halde koronaavstand.

– Dei fleste møte føregår via video no. Eg trur ikkje me kjem til å gå tilbake til så mykje reising som det var før. Me får til det meste digitalt, seier Mellbye.