Gjestekommentar

Skrevet av styreleder i Salmar Aker Ocean,, Atle Eide. Han er en av IntraFish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: Halfdan Mellbye i advokatfirmaet Sands, oppdretter Sondre Eide, ulike bidragsytere fra Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgiver i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund og ulike bidragsytere fra Havforskningsinstituttet.

Pappen vaks opp på Luren i Hålandsdalen, ei grisgrendt grend med høge fjell der det bur fleire villsauer enn menneskjer og nokre av oss kan skimte hjarta av Hardangerfjorden. Han mista mor si i ung alder på grunn av sukkersykje. Ho var bjelken i både hans og besten sitt liv, men no måtte dei stå på eigne bein.

Pappen hadde ein draum om å skapa noko, han hadde handlekraft og svolt. Det fyrste han ville var å bli flygar. Dette var eit yrke som han hadde sett var attraktivt med store framtidsmoglegheiter på 70-tallet. Han kom inn på flyskule i Memphis, men fordi mora Bjørg var på dødsleiet reiste han ikkje. Han vurderte derfor kva som ville være rett hest og velje som framtidsretta yrkesretning. Etter pliktåret i militæret fekk han seg jobb i oljenæringa. Her var driven god og alle pilena peikte i ein retning.

I 1985 gjekk pappen frå olja. Han gav frå seg lykkelandet i Nordsjøen. Han hadde høg lønn, flott bil, stort hus, ingen lån og var spådd ei lysande karriere i verdas formel-1 næring på den tida. Han såg velferdsstaten Noreg bli danna i praksis, men han ville bidra meir. Han ville skapa noko sjølv.

Naturgitte fortrinn

Heime dreiv besten eller «majoren» som alle kalla han, aureoppdrett i mindre skala i Skogseidvatnet. Han starta opp svært tidlig blant pionerane, men skalaen var liten i vatnet og potensialet begrensa.

Likevel valde pappen å slutta i oljenæringa for å ta over bedrifta. Han hadde tru på at matproduksjon av fisk var ei næring som Norge hadde naturgitte fortrinn til å vinne fram med. Sunn og effektiv matproduksjon var ei framtidsnæring med enormt potensial. Han fekk rett.

Pappen tente faktisk ikkje pengar på 9 år etter han hoppa av lykkelandet i Nordsjøen. I 1991, når han akkurat landa på beina etter eit konkursras i norsk oppdrettsnæring, spurte banksjefen skeptisk om han verkelig ville satse på denne næringa. Banksjefen råda han i frå det. Pappen svarte med å pante huset og gå på hardare enn før, for når ein hadde trua på noko hadde han lært av mor si Bjørg - at ein ikkje skulle gje seg.

Han fortalte alltid meg når eg var liten at grunnen til at lakseoppdrett ville vinne fram var at det var så effektivt. For å lykkast i ei næring måtte det være eit vist volum, som samtidig ikkje hadde store holde kostnader. Lakseoppdrett kunne ha store volum på eit lite område fordi norske fjordar er djupe med god straum, samtidig som kostnaden for å halda fisken på lokalitet var lave. Årsaka er at ein Ikkje har energikostnader med å produsere maten fordi temperaturen i fjorden er optimal for laksen. I tillegg er laksen relativt økonomisk i drift fordi den helde temperaturen til fjorden og ikkje bruke energi på å helde varmen. Så gjer du den 1 kg fôr så får du nesten 1 kg med laks.

Laksen er effektiv

For meg symbolisere historia til pappen og likeins historier det politikarar og forskarar kallar for det grøne skiftet, grøn omstilling eller blå revolusjon. Dei har brukt naturen og bidrege til å bygge opp ei næring med lavt avtrykk, fordi laksen er effektiv og det er naturlig for laksen å opphalde seg her i fjordane våras med ideelle sjøtemperaturar. Då som no, trur eg utviklinga skjer fordi me har naturgitte fortrinn som gjer at det løner seg å drive berekraftig og framtidsretta.

Klimarisiko er eit nytt fancy ord. Enkelt forklart er det ulike utfordringar og endringar som vil oppstå framover som følge av klimaendringane. Dette er alt frå faktiske risikoar som vær og vind eller forbrukarrisikoar som korleis folk endrar vaner på kva dei eter basert på kva som er sunt og rett basert på deira sine haldningar.

Og uansett om ein trur på klimaendringar eller ikkje, så er det mange som gjer det. Eit felles trekk blant desse er at dei eter mat kvar dag. Og framover vil dei verte meir kravstore til korleis produkta dei kjøper påverkar planeten der me bur. Dette vil få matprodusentar globalt til å konkurrere om å selja produkt med lavast mogleg utslepp. Det er difor me har lagd verdas første klimanøytrale laks Salmon Zero, ei tidlig investering i eit komande behov som me håper å vil auke vår verdiskaping.

Verden treng at me får utvikla oss

Laks har allereie ein unik posisjon, og er nær leiinga når det gjeld animalisk protein med lavt CO2-avtrykk. Det er fortsatt utfordringar lokalt som me må løyse. Verden treng at me får utvikla oss. Villaksen og sjøauren skal beskyttast, fiskevelferd skal prioriterast, lokaliteter skal være gode og rømming skal nedkjempast. Men me kan ikkje løyse desse utfordringane med å nøytralisere CO2-fortrinnet til denne fantastiske matvara. Då tapar me den globale matvarekampen, samtidig som klimautsleppa auke.

For framtida er det essensielt at me spelar meir samen med naturens fornybare resursar, ikkje mindre. Me må kollektivt kjempe for å få eit endå lågare CO2-avtrykk på laksen. Utvikle opne merdar i sjø, betre transportmetodane til markedet, utvikle fleire og betre fôrresussar. Me må dokumentere det me gjer og fortelle korleis me gjer det slek at laksen er eit fyrsteval på framtidas middagsbord hos familiar som vil ha sunn, god og berekraftig rett mat.

Pappen meinte fortsatt når han framleis var her at matproduksjon i sjø berre var i startgropa. At ingen fortsatt kunne sjå for seg kor stor denne måten å produsere mat på kom til å verte. Verden treng mat med mindre avtrykk og verden er 70 % hav. Det går ein grøn strek gjennom den norske oppdrettshistoria, men reisa er ikkje slutt. Noreg har fortsatt unike moglegheiter som sjømatnasjon, men både næringa og politikarane må gjere dei rette grepa for danne framtidas lykkeland.