2020 er det verste ILA-året sidan tidleg 90-tal. I 1990 var det så mykje som 80 utbrot av

Foto: Erik Dyngeland

ILA. I løpet av ein treårsperiode fekk næringa bukt med problemet og sidan har det i snitt vore 10 utbrot av ILA i året.

Men 2020 har peika seg ut som eit år kor den smittsame virussjukdommen hjå laks har auka i omfang. Ein er no oppe i 23 stadfesta tilfelle og fem mistenkte ILA-tilfelle i Noreg.

Studiar viser også ein auke av det ikkje sjukdomsframkallande ILAV HPR0-viruset langs kysten av Noreg.