– Kor mykje meining er det i lusetiltaka me gjer. Me er prisgitt alle andre i eit veldig stort område. Det som eg reagerer på er at myndigheitene set ei kollektiv straff på eit veldig stort område. Det er ikkje føreseieleg, seier Elin Tveit Sveen under utspørjinga i rettssaka mellom oppdrettarane i produksjonsområde fire og staten onsdag.

Oppdrettarane har fått nedtrekk på seks prosent som ein konsekvens av raudt lys i trafikklyssystemet i 2020.