Konkurranse er som regel sunt, i politikken, i arbeidsmarknaden og i vare- og tenestetilbodet. I tilfelle der mange meiner at konkurranse og den frie marknaden er til skade, syner det seg gjerne ved nærare ettersyn at konkurransen har vore svært lite velfungerande. Kanskje er han hemma av at etterspurnaden er snevra inn, som når ei anbodsutlysing (eller stillingsutlysing) viser seg å vere skreddarsydd for ein eller få tilbydarar. I andre tilfelle har krava og sanksjonsmoglegheitene overfor tilbydarane vore altfor lause, og ein opplever at kvaliteten på produktet svekka seg av å skifte leverandør (slik mange har påpeika både i velferdstenester og i kollektivtransporten).
Siste jobber
Er du klar for kappløpet?
Etter ein periode der Norge har leda komfortabelt mot alle konkurrentar om å produsere laks til verdsmarknaden, har der byrja å dukke opp skyer i horisonten. Ein kan like det eller ikkje, men ein er best rusta om ein klarar å la seg motivere av konkurransen.
21. februar 2021 15:30
Oppdatert
21. februar 2021 15:30
Av
i
Bergen