Selskapet deltar på Aqua Nor for første gong, og det er årevis sidan dei har opplevd ei messe som dette.

- Dette er den beste messa me har vore på på mange år. Me har fått svært mange førespurnader, så no må me heim og sende ut tilbod, seier salssjef Olve Byre i Imenco til IntraFish.

Han fortalte deira historie på eit seminar i regi av NCE Seafood Innovation og GCE Subsea under Aqua Nor tysdag.