– Det er sol, 24 grader og blikstille på sjøen. Sommaren kom seint til nord, fortel dagleg laiar Tom Jarle Bjørkly i Mortenlaks over telefonen frå Lødingen i Nordland.

Dei er midt i det Bjørkly kallar ein «spabehandling» av fisken - ei form for ikkje-medikamentell avlusing.

– Me er fleire oppdrettarar som har gått saman om å leige inn båt frå Pure Shipping. Dei har eit grønt avlusingssystem kor me spyler lusa, og den blir samla opp i dukar. Med tanke på fiskevelferd er det sannsynlegvis noko av det betre, me har lav og tilnærma ingen dødelegheit, seier Bjørkly.