— Logistikkmessig har det ikkje vore store problem med å få mat ut til Europa. USA og Asia har tidvis vore problematisk, men det handlar om at det ikkje er fly som går — det som er mest naudsynt og dei som betalar aller mest får plass. Marknaden har vore annleis, men det er ikkje logistikken som har stoppa oss frå å få ut fisk i Europa, seier administrerande direktør i Sekkingstad, Even Hopland, til IntraFish.

Han trur ikkje at me kjem ut av krisa med å stenga grenser og forsyna oss sjølv med mat.