«Fishfluencers» heiter Instagram-kontoen Vilde Elfrida Gamst (22) frå Tromsø har starta saman med studievenninna Sigrun Eriksen (23).

Det er ikkje mote og klede dei skal påverke deg med. Men altså fisk!

– Me ønsker at fleire skal interessere seg for fisk og ete fisk. Viss ikkje har me jo ingen jobb i framtida. Me ønsker at fleire skal få vite om næringa, seier Gamst til IntraFish.

Gamst skulle eigentleg bli sjukepleiar – men gjekk for sjømat i staden.