Med koronaviruset som bakteppe trer ho inn i jobben med å spre norsk sjømat ut til heile verda.

— Det blir både utfordrande og spennande. Me skriv historie no. Det er ingen nolevande personar som har opplevd noko tilsvarande. Det er mange ting me må tenka på: Kva vil skje med restaurantane når dei opnar att, har folk råd til å gå ut og eta? Vil kjøp frå fiskedisken få ein nedgang, og blir det ein varig overgang til prepakka fisk, spør Camilla Beck Sætre (47).