— Det betyr mykje for oss og lokalsamfunnet. Det viset at havbruk skaper mange arbeidsplassar på kysten, seier dagleg leiar i Sjøprodukt Ronny Larsen til IntraFish.

Fredag vart den nye båten «Sølvfisken» til driftsfelleskapet Godfisken døypt. Båten skal i hovudsak vere støttefartøy til brønnbåt.

Godfisken består av 12 lokale oppdrettarar på Vestlandet og dette er fellesskapet sin andre båt. I mai i fjor blei båten «Godfisken» døypt.

Det er tilsett 10 nye personar i selskapet Sjøprodukt med base i Bremanger som skal jobbe på den nye båten.