NYHETER

Se alle artikler

Avdekka svart sal av laks frå slakteri

Slakterisjefen måtte gå på dagen etter at det vart avdekka ulovleg laksesal ved Alsaker sitt slakteriet Viking Fjord på Sunde i Kvinnherad.

Torsdag sende selskapet ut ei pressemelding underteikna av eigar Gerhard Alsaker der det står at dei er blitt kjent med at det over lengre tid har funne stad ulovleg svart sal av laks ved Alsaker Fjordbruk sitt slakteri Viking Fjord.

– Selskapet ser svært alvorleg på saka. Undersøkingar har så langt avdekka at det over tid er eit betydeleg kvantum laks som er seld mot kontant betaling. Omsetnaden er halden utanfor selskapet si bokføring gjennom manipulering av selskapet sitt datasystem, og har derfor heller ikkje vorte momsberekna, skriv selskapet i pressemeldinga.

Ifølgje meldinga har selskapet sin tidlegare slakterisjef/daglege leiar erkjent forholda og slutta på dagen då det vart kjent. Selskapet har no meldt saka til politiet og vil samarbeide med dei i den vidare etterforskinga.

– Selskapet håpar at politiet si etterforsking vil gje oversikt over omfanget av ulovleg omsetnad, og at tidlegare slakterisjef, og eventuelt andre som kan ha gjort straffbare handlingar, blir stilt til ansvar for dette, skriv selskapet.

Selskapet opplyser vidare at det er sett i verk tiltak for å sikre at ulovleg sal frå slakteriet ikkje skal skje igjen.

– Selskapet si verksemd går som normalt, trass i den uro og belastninga saka har påført organisasjonen. Hans Helge Vik er konstituert som ny dagleg leiar, skriv selskapet og avsluttar med at av omsyn til politiet si etterforsking vil det ikkje bli gitt ytterlegare kommentarar.

Konstitueringa av Vik som dagleg leiar, vart meldt i Føretaksregisteret i august i år.