NYHETER

Se alle artikler

Her er Vinn-i-Vest-vinnarane

Under Ewos sin Solstrandkonferanse vart dei beste lokalitetane frå Møre og Romsdal og sørover kåra. Fleire selskap er gjengangarar på palltoppen.

Vinnarane vart henta fram på scena under festmiddagen på Ewos Solstrandkonferanse fredag kveld. Det er sjuande gong at denne kåringa, som tidlegare hadde namnet Framifrå Produksjon, blir gjennomført. To av selskapa, Eide Fjordbruk og Lerøy Sjøtroll, har vore gjengangarar på vinnarlista. Eide Fjordbruk har vunne 11 gongar i laks, medan Lerøy Sjøtroll ha ni topplasseringar i konkurransen for aure - inkludert årets førsteplassar.

Kåringa vert gjort av Ewos for å premiere godt og viktig handverk av dei som fôrar og steller med fisken ute på lokalitetane. Med namneskiftet som vart gjort i fjor, er konkurransen også blitt landsdekkande. Under nyttårsmøte i Tromsø i januar vart vinnarane i Nord-Noreg kåra.

Det var dei beste utslakta lokalitetane med haust 16-generasjon og vår 17-generasjon av laks og aure som vart kåra på Solstrand.

Vinnarane i dei ulike klassane vart:

Haustfisk 16G - laks

  • Selskap: Cargill Innovation Center
  • Lokalitet: Gråtnes
  • Kommune: Forsand
  • Driftsleiar: Erling Levik

Dei andre nominerte i denne klassen var Salmar Farming og lokaliteten Andholmen i Smøla kommune, og Bolaks og lokaliteten Breivik (Skiftesneset N) i Fusa kommune.

Vårfisk 17G - laks

  • Selskap: Eide Fjordbruk
  • Lokalitet: Hondskår
  • Kommune: Kvinnherad
  • Driftsleiar: Jostein Haukanes

Dei andre nominerte i denne klassen var Bolaks sin lokalitet Aldalen i Os kommune, og Salmar-lokaliteten Myrane i Vestnes kommune.

Haustfisk 16G - aure

  • Selskap: Lerøy Sjøtroll
  • Lokalitet: Midtflua
  • Kommune: Tysnes
  • Driftsleiar: Øyvind Gjøvåg

Dei andre nominerte i denne klassen var Lerøy Sjøtroll med lokaliteten Djupestallen i Tysnes kommune, og Salmar sin lokalitet Furneset i Vestnes kommune.

Vårfisk 17G - aure

  • Selskap: Hofseth Aqua
  • Lokalitet: Skotungneset
  • Kommune: Stranda
  • Driftsleiar: Severin Rønes

Dei andre nominerte i denne klassen var Lerøy Sjøtroll sine lokalitetar Ålforo og Storevikholmen i Fitjar kommune.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook, Linkedin og Twitter, eller abonner på vårt daglige nyhetsbrev. Her finner du ett sett med ordforklaringer for næringen.