NYHETER

Se alle artikler

Berre ein person blir tiltalt etter svart sal av laks frå Alsaker

I løpet av neste veke vil etterforskinga av svart sal av laks frå Alsaker Fjordbruk sitt slakteri Viking Fjord bli avslutta og saka sendt over til jurist for påtale.

- Det står att eit avsluttande avhøyr, men eg reknar med saka vert oversendt til jurist i løpet av neste veke. Det er då opp til jurist å avgjere om det blir tiltale eller ikkje. Det blir nok tatt ut tiltale, men truleg på mindre enn volumet som er meldt av selskapet. Det må avgjerast saman med jurist. Me må vurdera kva som kan bevisast og ikkje, fortel Kjell Idar Vangberg som er strafferettsansvarleg i Geografisk driftseining Hordaland i politiet til IntraFish.

Det var tidleg i oktober at Alsaker-konsernet sende ut ei pressemelding underteikna av Gerhard Alsaker der det stod at dei var blitt kjent med at det over lengre tid hadde funne stad ulovleg svart sal av laks ved Alsaker Fjordbruk sitt slakteri Viking Fjord.

– Selskapet ser svært alvorleg på saka. Undersøkingar har så langt avdekka at det over tid er eit betydeleg kvantum laks som er seld mot kontant betaling. Omsetnaden er halden utanfor selskapet si bokføring gjennom manipulering av selskapet sitt datasystem, og har derfor heller ikkje vorte momsberekna, skreiv selskapet i pressemeldinga.

Ifølgje meldinga hadde selskapet sin tidlegare slakterisjef/daglege leiar erkjent forholda og slutta på dagen då det vart kjent.

- Er det fleire enn ein mistenkt i saka?

- Det er ein person som er meldt av selskapet, og per no er det ingen andre som ser ut til å kunne bli sikta i saka. Om det skal takast vidare etterforskingsskritt mot eventuelle andre personar, må me eventuelt sjå på seinare, svarar Vangberg.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – abonner på vårt daglige gratis nyhetsbrev.

Se Også


Har starta etterforsking etter svart sal av laks

Tidleg i oktober meldte Alsaker-konsernet den tidlegare slakterisjefen ved slakteriet Viking Fjord på Sunde i Kvinnherad til politiet. No har politiet starta etterforsking av saka.