NYHETER

Se alle artikler

Investerer 140 millionar kroner i ny lakseforedling

Lakseeksportøren Seaborn og lakseforedlingsselskapet Inka har inngått langsiktig kontrakt som set Inka i stand til å investere 140 millionar kroner i ny fabrikk på Os utanfor Bergen.

Kontrakten er på åtte år, med opsjon på ytterlegare to gongar fire år, og ifølgje Marel, som leverer maskinane til fabrikken, vil dette bli den mest avanserte lakseforedlingsfabrikken i Europa når den etter planen står ferdig i juni 2020. Seaborn og Inka har jobba saman i over ti år, og styrkar med denne kontrakten samarbeidet for ytterlegare år framover.

Den nye fabrikken får to linjer, og kan produsere 40 tonn ferdigvare på eitt skift per dag. Alt sal skjer gjennom Seaborn, som også leverer laksen som skal foredlast.

Skal omsetje for 250-300 millionar kroner årleg

Inka omset i dag for rundt 70 millionar kroner årleg. Når den nye fabrikken står klar, vil det auka til 250-300 millionar kroner i året. Seaborn er den einaste kunden.

- Investeringa i ny fabrikk er på totalt 140 millionar kroner. Det er Seaborn som leverer fisken og som avgjer kva som skal produserst. Kontrakten er på minst 13.000 tonn ferdigvare, men fabrikken har kapasitet til å produsere 18.000 tonn. Eg reknar med det blir full produksjon, og om det er behov kan me også køyre to skift, fortel dagleg leiar og eigar av Inka, Karsten Austevoll, til IntraFish.

Dagens fabrikk vil framleis ha produksjon. Der er kapasiteten 6-8.000 tonn.

- Det er mykje for lite, seier Austevoll og smiler.

Arbeid til 70-80 personar

Allereie no er Inka i gang med å tilsetje nye og lære dei opp i den gamle fabrikken.

- Totalt vil det vere 70-80 arbeidsplassar i Inka når fabrikken er ferdig. Å skape nye arbeidsplassar i Noreg er noko av det kjekkaste med dette, seier han.

Viseadministrerande direktør Frank Yri i Seborn er einig.

- Det er viktig å få til meir vidareforedling i Noreg. Å utnytte meir produksjonsfisk er ein viktig del i den nye fabrikken, men produksjonsfisk åleine er ikkje nok, seier han.

486e9e49883d7fba51924cc88d0b6042 Frå venstre: Viseadministrerande direktør Frank Yri i Seaborn, dagleg leiar og eigar Karsten Austevoll i Inka, og Kari Marie Austevoll Lyssand i Inka. Foto: Joar Grindheim

Seaborn sel i dag vidareforedla produkt over heile verda. Fabrikken vil i hovudsak produsere A-, B-, C- og D-trim som vakuumpakka og fryste produkt. På sikt reknar Yri med at det også vil produserast andre typar lakseprodukt. Han har også tidlegare framheva viktigheita av vidareforedling i Noreg.

- Det er heilt klart mogeleg å tenke nye produkt innan fersk laks med denne fabrikken, seier han.

Det var under sjømatmessa i Brussel at planane vart presentert av prosjektleiar Kjetil Løvaas i Inka. Til dei frammøtte på standen til Seaborn fortalte han at heile prosjektet er blitt til i godt samarbeid mellom Inka, Seaborn og Marel.

- Alt er planlagt for å få ein så effektiv fabrikk som mogeleg, og ein prøver å utnytte mest mogeleg av fisken til humankonsum. Dette vil også auke kvaliteten og sporbarheita på laksen, fortalde han.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – abonner på vårt daglige gratis nyhetsbrev.