NYHETER

Se alle artikler

Reduserer kvotene for torsk neste år

Havforskerne tilrår at torskekvoten i Barentshavet for 2020 blir redusert med 35.000 tonn i forhold til årets kvote. I tillegg går ICES inn for at kvotene for hyse og sei aukar til neste år.

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) legg i dag fram kvoteråda for dei store fiskebestandane i Barentshavet – nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk sei, blåkveite og kysttorsk.

Høgare råd

I ei pressemelding fra Havforskningsinstituttet vert det vist til at torskekvoten for i år er på 725.000 tonn, noko som er 50.000 tonn høgare enn ICES sitt kvoteråd for 2019 .

Havforskar Bjarte Bogstad er Noregs representant i ICES sin rådgivande komité (ACOM) og bestandsansvarleg for torsk ved Havforskingsinstituttet. Han viser til at torskebestanden har gått ned frå toppnivået i 2013, men er no i ferd med å stabilisere seg.

Bogstad viser også til at ICES sitt kvoteråd for nordaustarktisk torsk til neste år er 15.000 tonn høgare enn rådet for 2019, mens den norsk-russiske fiskerikommisjonen har landa på ei kvote for i år som ligg 50.000 tonn over rådet frå forskarane att.

Langvarig høgt nivå

Kvotane for nordaustarktisk torsk (skrei) har dei siste åra ligge på rekordhøgt nivå. Toppen kom i 2013. Då kunne fiskarane ta 1.000.000 tonn nordaustarktisk torsk. Forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskingsinstituttet seier det høge kvotenivået dei siste åra i stor grad kan tilbakeførast til dei gode torskeårsklassene i 2004 og 2005.

– Vi ser at årsklassene etter 2006 er svakare, og då får vi ein naturleg nedgang i bestanden, seier Huse.

ICES meiner torskebestanden i Barentshavet er stor, at den blir hausta på berekraftig vis og at den har full reproduksjonskapasitet.

Fleire artar

Bogstad opplyser at ICES tilrår endringar i kvotane for fleire av dei andre fiskeartane nord for Stad.

– ICES tilrår at hysekvoten blir auka til 215.000 tonn. Årets kvote er på 172.000 tonn. Dessutan går ICES inn for at det kan fiskast 23.000 tonn blåkveite, og at seikvoten kan aukast frå årets kvote på 149.550 tonn til 171.982 tonn, seier han.

ICES anbefaler ikkje nokon bestemt kvote for kysttorsk nord for Stad. I staden går tilrådinga ut på at planen for å bygg opp att denne bestanden blir følgt opp. For snabeluer og vanleg uer kjem det ikkje nye kvoteråd i år, då fjorårets råd gjeld både for 2019 og 2020.

Godt forskingssamarbeid

Kvotene for torsk, hyse, blåkveite og snabeluer vert endeleg fastsett av den norsk-russiske fiskerikommisjonen i oktober, medan Noreg er aleine om å fastsette seikvoten. Kvoterådet for lodde blir klart rundt 10. oktober.

Det er norske og russiske havforskarar som skaffar fram kunnskapen som ligg til grunn for kvotetilrådingane frå ICES. Forskingsdirektør Geir Huse fortel at Havforskingsinstituttet og søsterinstituttet Pinro i Murmansk har hatt eit formelt samarbeid i meir enn 60 år.

– Det omfattar både toktverksemd i Barentshavet, datainnsamling og -analyse, metodeutvikling og rådgiving. Sidan 2004 har vi gjennomført eit felles økosystemtokt kvar haust kor vi undersøker Barentshavet «frå A til Å».

Også søppel

Samarbeidet inneber at å undersøkje heile det marine økosystemet, frå dei fysiske vilkåra som temperatur og straum, via næringssalt og dei minste planteplanktona – til dei største sjøpattedyra.

Forskarane registrerer også søppel, tek vassprøver som vert analysert for både kjemisk og radioaktiv forureining osv.

- Dette har sett oss i stand til å forstå økosystemet betre og dermed ha grunnlag for å gi best mogleg råd til forvaltninga, både når det gjeld fiskekvoter og annan menneskeleg bruk av havet, avsluttar Huse.

Likte du denne artikkelen? Les flere saker fraFiskeribladet.no