På E. Karstensen Fiskeoppdrett sin lokalitet Grunnsøya har dei klart seg utan avlusing i snart to år.

Han som han ansvaret for lokaliteten og fisken er 22-år gamle Kristoffer Karstensen. Han er tredje generasjons oppdrettar i familiebedrifta E. Karstensen – som opererer i samdrift med Marø Havbruk.

– Det går i eitt, me slaktar ein del no, seier Karstensen, som stort sett er aleine på lokaliteten.

– Me byter på det. Når det trengst, så er det tre andre som kan hjelpe til.

I september i fjor sette dei ut smolt på 90 gram som dei no slaktar med ei vekt på 6,9 kilo. Førre veke slakta dei ut den første nota.

– Me er godt fornøgde med det, konkluderer 22-åringen.

Kristoffer Karstensen med slakteklar laks. Foto: Privat

Spesiell smolt

Kva som gjer at resultata er så bra?

– Det er ein litt spesiell smolt. Den kjem frå Sørsmolt i Kragerø. Det er ein mykje eldre fisk, som er laga på kaldt vatn. Han er 22 månader gammal før den vert sett i sjøen, og får rask vekst når den kjem i sjøen. Me har ikkje hatt lusebehandlingar eller handtering av fisken. Fisken veks fortare når den får stå i fred for seg sjølv.

På denne lokaliteten har dei altså snart hatt to utsett av fisk utan å måtte ty til nokon form for behandling for lus.

– Sidan lokaliteten vart starta i 2018 har fisken aldri vore behandla. Me har klart å halde lusenivået under 0,1-grensa for trafikklyssystemet for begge utsetta me har hatt her.

Selskapet har totalt tre lokalitetar som dei har samdrift med Marø Havbruk på.

– Frå 2019 til 2020 har me klart å halde grensa på alle tre lokalitetane. Me har ikkje avlusa sidan januar 2019, seier 22-åringen.

Bilde frå lokaliteten Grunnsøya som ligg værhardt til i Frøysjøen i Sunnfjord. Totalt har dei 1800 tonn fisk på Grunnsøya. Foto: Privat

Betre fisk som veks fortare

Korleis påverkar låge lusetal dykk?

– Det blir ein del mindre arbeid, og så får ein fokusere på det me eigentleg driv med – å produsere fisk og ikkje avluse. Ein får betre fisk og han veks fortare. Me sparar sjølvsagt ein del pengar også. Det kostar mykje å avluse.

Selskapet brukar berre leppefisk og laserar til å nedkjempe lusa.

– Me bruker villfanga reinsefisk og laser frå Stingray. Me har vel 21 laserar som me delar på lokalitetane, ettersom me set ut fisk og ut ifrå lusepresset.

Selskapet kjøpte sine første laserar i 2015 og fornya dei i fjor.

– Me likar godt å tru at dei fungerer veldig godt. Det er ikkje så lett å vete kva som har effekt, men me ser at etter me fekk dei nyaste laserane - er det ein lokalitet som me alltid har hatt avlusingar på, som me ikkje har avlusa no. Ein annan lokalitet som me vanlegvis har hatt avlusingar på ofte – har me ikkje hatt avlusingar på sidan me sette ut fisk i oktober i fjor. Det er utruleg bra.

Nytt utstyr

– Kva tenker de om vidare vekst?

– Det er vanskeleg – me er i raud sone – det freistar ikkje så veldig å kjøpe mykje vekst, men me vil veldig gjerne ha tilbake igjen kapasiteten me mista. Me var litt uheldige, for me avlusa så vidt, og likevel hamna me i raud sone. Det er kjedeleg å bli trekt ned når ein ikkje har lus. Men no har me i alle fall kvalifisert oss for neste runde med tildeling, så får me sjå kva me gjer med det.

– Korleis var det å få ansvar for ein eigen lokalitet som 20-åring?

– Eg har gått på desse anlegga sidan eg vart født, men det er spennande å ha ansvar og drive sjølv. Og når ein får det til og me levere gode resultat er det ekstra kjekt. Det er kjekt å levere så flott fisk som me har fått no.

På Grunnsøya planlegg dei å levere den siste fisken første veka i 2021. Etter det skal selskapet skifte ut heile lokaliteten med nytt utstyr.

– Me har stålanlegg no, men til neste utsett i vår blir det 160-meters ringer og betongflåte. Me satsar godt på denne lokaliteten, sidan han gjev gode resultat. Det er ein vêrhard lokalitet og me trenger kraftigare utstyr. Lokaliteten ligg godt for seg sjølv, og næraste nabo er ein annan lokalitet som er vår, det er bra. Det er gode straumforhold og god utskifting av vatn.

Har starta undersøking

På den eine lokaliteten er oppdrettsselskapet no i gang med å teste ut ei merd berre med lasar og ei med reinsefisk.

– Det er artig å sjå om me ser noko forskjell i lusetal på dei to merdane. Det blir ei stund til me ser resultat av det. Me sat ut fisk der i september. Me har ikkje turt å gjere det før, sidan lusetala har vore så gode – me ville ikkje risikere noko, men me må tore å prøve.

Selskapet har merka lite til koronaen på kroppen – og ting har gått som normalt i produksjonen.

– De hadde kanskje håpa på litt betre priser med eit slikt bra utsett?

Det er ei kjedeleg tid for alle dette- me er heldige for me er små. Me er fleksible på slaktevekene. Viss me ser at det er ei veke kor det er dårlege prisar, ventar me med slaktinga. Når me unngår avlusing får me også lågare produksjonskostnad per kilo for fisken, og det hjelper på inntektene. Men det er ikkje prisar ein hoppar og smiler av. Me får håpe til jul at det blir betre, avsluttar Karstensen.

Lokaliteten Grunnsøya i strålande sol. Foto: Pressefoto

Les også:

Lakselus og annen sjukdom medfører kanskje 10 milliarder i økonomisk tap – men ingen vet eksakt hvor mye

Flere avlusninger og velferdsproblemer for laksen i år enn i fjor: Mattilsynet er bekymret