NYHETER

Se alle artikler

- Kina vil produsere 100.000 tonn laks om 20 år

Analytikar Georg Liasjø i ABG Sundal Collier er heilt sikker på at landbasert lakseoppdrett vil auke i volum, og inngår gjerne veddemål om at Kina vil produsere 100.000 tonn innan 20 år.

- Eg er sikker på at det blir produsert 100.000 tonn laks i landbasert oppdrett i Kina om 20 år Tenk på kostnadane med å transportere laksen ut i marknadane. Ein har då ein god del å gå på i auka produksjonskostnadar. Eg tar gjerne veddemål på det, fastslo Liasjø.

Men det er samstundes ingen tvil om at det er potensiale for auka konsum av laks ifølgje han.

- Det er enkelt, godt og sunt, og så er det trendy, sa han.

Liasjø peikar på at framvoksande økonomiar bør ha eit potensiale til å følgje etter meir utvikla land i laksekonsum. Og det er tydeleg trend at dette skjer.

Framtida er likevel ikkje heilt skyfri. Det er mellom anna biologiske utfordringar, og det er ei syklisk næring.

- Det skuldast òg næringa sjølv. Den er altfor optimistisk og aukar produksjonen når det går bra, og er for pessimistisk når det går dårleg. Det tydar på at det er ei litt umoden næring som påføre seg sjølv dette.

Ei anna utfordring er at laks kan bli for dyr samanlikna med andre protein. Lakseoppdrett har vore lønsamt så langt, men produksjonskostnadane har gått raskt opp.

Liasjø viste til tal som viser at laks har hatt ei tiårs-avkasting på 11 prosent. Det er lang unna det mest lønsame industrien som er olje, og under kyllingindustrien på 15 prosent, men ikkje så langt under snittet for ei rekkje næringar som er på 13 prosent.

- Styrken til laksen er at det er eit unikt produkt. Det er inngangsbarrierar som lisens og kunnskap, og det er avgrensa tilbod og aukande etterspurnad, sa Liasjø som òg engasjerte deltakarane på konferansen til må komme med innspel undervegs.

Svakheitene, som forsamlinga og Liasjø peika på, er biologiske utfordringar, berekraft, volatilitet i pris, haldbarheit og kor langt ein kan nå ut i marknaden. Truslar er til dømes andre billige proteinkjelder som kylling.

- Salet av kylling fall dramatisk etter merksemda om antibiotikaresistente bakteriar. Har me sett det same for laks nokon gong? Ja, så renommé er viktig, sa Liasjø som òg meiner ein anna trussel er landbasert oppdrett.

- Men Noreg kan utnytte sine naturgitte fordelar til å produsere laks. Men me må bli enda flinkare til å utvikle og utnytte kunnskapen vår, sa han.