– Det største bidraget til eit godt resultat i 2019 er at me er blitt mykje betre på notvask, seier styreleiar Jan Victor Jensen til IntraFish.

Abyss Aqua er ein leverandør av servicebåt og tenester under vatn til havbruksnæringa.

Jensen seier dei opplever tøff konkurranse i bransjen.

– Prisane på notvask har droppa kraftig, men me har meir enn dobla effektiviteten. Me er blitt meir lønsame på lågare prisar.

Abyss Aqua hadde ein omsetnad på nær 189 millionar kroner i 2019, ein oppgang frå 147 millionar i 2018.