Anne-Kristine Øen

Stilling: Sjømatrådets fiskeriutsending til USA

Alder: 52 år

Bustad: Boston, USA.

Oppvekst: Bergen

Utdanning: Utdanning på masternivå innan havpolitikk og havforvalting frå London School of Economics.

Familie: Gift, tre born.

Me når Anne-Kristine Øen (52) på telefon frå leilegheita si i 25. etasje i eit koseleg «hus» som ho kallar det, i sentrum av Boston. Klokka er 09.00 i Boston og 15.00 heime i Noreg.

Øen er allereie godt i gang med arbeidsdagen.

– Eg får endeleg nytte av å vere morgonfugl.