– Det er veldig stas. Me er i ein prosess med å busetje oss nærmare heime. Planen er heimekontor, med regelmessige turar til Bergen og elles der Benchmark har aktivitet, seier Brede Fannemel over telefonen.

Han er utdanna sivilingeniør i havbruk og sjømat frå UiB, og har også eit årsstudium i biologi frå NTNU i Ålesund. Her delar han litt om jobbkvardagen i Benchmark Genetics.

Foto: Kay Åge Strøm-Grøtan

– Kva står på planen i dag?

– For tida jobbar eg mest med å planlegge datainnsamling på ein ny generasjon laks som skal bli framtidige avlskandidatar her i Noreg. Der jobbar eg saman med eit dyktig team i Lønningdal og Salten og ekspertar innan genetikk om korleis vi skal få det til på best mogleg vis. Me samlar inn data på heilsøsken til avlskandidatane våre, frå egg til slakt og andre viktige eigenskapar som f.eks. sjukdomsresistens.

– Kva går jobben din ut på?

– Mi oppgåve er å sørge for best mogleg oversikt og datainnsamling i avlsarbeidet vår. Eg forsøker å trekke trådane saman frå planlegging til utførelse.

I praksis er det ein god blanding av planlegging og det praktisk arbeid ute i felt. Eg trivst godt med denne kombinasjonen som både er lærerikt og viktig for å forstå utfordringane. Feltarbeid er ofte variert og kan til dømes vere ute på båt, under eit smitteforsøk eller på eit slakteri. For å ta gode avgjerder treng ein gode og relevante datasett frå felten. Me jobbar målretta for å finne dei beste kandidatane, og den beste genetikken for vidare avl.

Benchmark Genetics
  • Benchmark Genetics består av selskapene Benchmark Genetics Norway AS, Benchmark Genetics Iceland HF, Benchmark Genetics Chile S.A, Benchmark Genetics USA Ltd, og Benchmark Genetics Colombia S.A.
  • Selskapet jobber med avl og genetikk på atlantisk laks, tilapia og reker, med foretak i Norge, Island, Chile, USA og Colombia.
  • Benchmark Genetics leverer også tekniske, genetiske tjenester til eksterne selskaper globalt.
  • Benchmark Genetics er en del av det britiske børsnoterte selskapet Benchmark Holdings plc.

– Kva likar du mest med jobben din?

– Det må vere at det er så variert. Eg får moglegheit til å drive med litt både planlegging og utføring. Det er spennande å følge opp utføringa og eg forsøker å vere tett på. Det er veldig inspirerande å jobbe innan eit kompetansedriven felt som det genetikk er, det er lærerikt for ein honndøl.

Brede Fannemel på topptur i Hornindal saman med kjærasten Hilde Alise Strømsheim. Foto: Privat

– Kva er mest utfordrande?

– Det er mange faktorar som spelar inn ute i felt. Mykje av arbeidet vårt krev presisjon og detaljar, noko som kan vere utfordrande innimellom. Eg er difor mektig imponert over kollegaer og samarbeidspartnarar og saman tar vi utfordringane på strak arm. Så er det viktig å ta lærdom av feilstega undervegs.

– Kvifor ville du jobba med dette?

– Fordi avl og genetikk er ein fantastisk måte å bidra til matproduksjon på. Det er utruleg kva potensial som ligg i genetikken. Benchmark har ein unik posisjon innan akvakultur globalt. Det er gjevande å bidra til forbetringar av matproduksjonen i verda.

– Kva er favoritten til lunsj?

– I ein slik intervjusituasjon er eg kanskje beskjeden, men fiskekaker, chilikreps i aioli eller vaflar på kontoret. Det er tre favorittar.

– Viktigaste verktøyet ditt på jobb?

– I og med at eg er mykje på heimekontor no, må det vere PC-en min. Det som går på kommunikasjon er veldig viktig for min del.

– Kva meiner du er den største utfordringa for bransjen din framover?

– Det er sjølvsagt samansett, men å betre velferda er ei viktig utfordring. Det vil alltid vere rom for betring, og det blir spennande å følge utviklinga framover. Eg opplever ei rekordutvikling av nye verktøy som opnar uante moglegheiter. Sjølv jobbar eg for å halde tritt med utviklinga.

– Kva er du mest stolt over å ha oppnådd så langt i karrieren?

– Eg er stolt av å vere ein del av Benchmark, og håper eg kan bidra til vidare utvikling i den globale akvakulturnæringa.

Brede Fannemel (t.h.) er ofte ute i felt saman med kollegaar. Han trivst godt med ein variert arbeidskvardag. Foto: Privat