– Me var litt nervøse for om me ikkje kom til å få gjennomføra fagprøven. Alt blei jo sett på vent då koronakrisa slo inn for fullt, fortel Alexandra Nygård Heidal (23).

Saman med kollega Cassandra Tveit (19) har ho vore lærling i akvakultur ved Bolaks i Fusa dei siste to åra. I mars var det veldig uklart om ein kom til å kunne gå opp til fagprøven denne våren i det heile tatt. Men i mai starta prøvene, og dei gjennomførte begge to med resultatet «svært godt».

– Me hadde veldig lyst til å bli ferdige og bli fagarbeidarar. Det er ein dag ein har førebudd seg på lenge. Så det var utruleg kjekt å bestå prøven, seier Tveit til IntraFish.

Tveit og Heidal kan no kalla seg akvakulturarbeidarar. Sjølve fagprøven blei gjennomført på normal måte, fortel dei.

– Me måtte halda avstand og følga smittevernreglane, men elles var prøven lagt opp som vanleg, seier Tveit.

Går som planlagt

Ifølge tal frå Utdanningsdirektoratet blei 290 nye lærekontraktar i akvakulturfaget teikna hausten 2018. Det er desse som no skal opp til fagprøva.

Då koronapandemien slo til for fullt i mars og stenginga av landet var eit faktum – var det mange lærlingar som frykta for læretida si. I mange bransjar, særleg innan restaurant, hotell og handel, er lærlingar permitterte og går ei usikker tid i møte når det kjem til å få gjennomføra fagprøven sin.

Innan havbruk er situasjonen ein anna. Ut ifrå det IntraFish har fått opplyst er dei aller fleste lærlingar i jobb og får no gjennomføra fagprøven sin som planlagt dei neste månadane.

– Det var stopp fram til slutten av april. Men no har det opna opp att. Bedriftene tok dette veldig bra, og laga sine eigen rutinar som me rettar oss etter til når me skal ut. No er me tilbake til normalen, og me heldt prøvane og reiser rundt, seier leiar for prøvenemnda i akvakultur i Trøndelag, Halvor Mortensen.

Halvor Mortensen, prosjektleiar ved Val FoU og leiar for opplæringsnemnda i akvakultur i Trøndelag.

Legg til rette

Mortensen fortel at dei tek fleire forholdsreglar.

– Me prøver å avgrense reisinga, og reisa kortast mogleg geografisk sett. Me nyttar oss av ordninga med å la to kandidatar gå opp samstundes for å få ned ventetida. Det fungerer veldig bra får me tilbakemelding på. Me har 40 stykk som ventar på å få gå opp til prøven no. Det hopar seg opp, men me skal klara å få det unna. Dei ordinære lærlingane med 2+2-løp blir prioriterte. Praksiskandidatane må kanskje venta litt lenger

Mortensen ønsker å få skryta av arbeidsgjevarane i næringa.

– Bedriftene vore veldig innstilt på å få dette til og har lagt godt til rette for at kandidatane skal få ta fagprøven sin. Anlegga legg veldig bra til rette med desinfeksjon og avstand. Det er dedikert personale som er med på prøvane, fortel Mortensen vidare.

– Heldige

Leiar for Nettopp Fisk, nettverk for fiskerifaglege opplæringskontor i Noreg, Camilla Høiby Kristensen, seier lærlingane innan havbruk er i ein heldig situasjon.

– Enkeltpersonar kan oppleva utfordringar med forseinkingar, men i det store bildet så er akvakultur skåna for dei store problema som korona har ført med seg.

I Nordland har geografien skapa nokre vanskar for gjennomføringa.

– I vår del av landet er det så langt mellom anlegga og dei som skal vere sensor. Me er avhengige av overnatting, og det har vore vanskeleg. Men no har me fått ordna det slik at me bur i regi av dei ulike selskapa som me har fagprøven hjå. Dei har rorbuer og slikt så me kan låna, seier leiar for opplæringsnemnda i Nordland, Lasse Harr.

Lasse Harr jobbar i Nordlaks og er leiar for prøvenemnda i akvakultur i Nordland. Foto: Bent-Are Jensen

Gjennomføre før sommaren

IntraFish har snakka med fleire opplæringskontor og prøvenemnder rundt om i landet, og inntrykket er det same.

– Me hadde 18 stykk på vent, men der ser ut til at me skal greia å få det til før sommaren, seier leiar for prøvenemnda region nord Vestland, Viktor Flister.

I Bergensområdet er også ting komne godt i gang. IntraFish får opplyst at det er om lag 30 stykk som er meldt opp og som ventar på å få gjennomføra fagprøven i løpet av sommaren.

På opplæringskontoret i Austevoll seier dei at enkelte bedrifter har valt å legga fagprøvene til ein samla lokasjon, slik at det blir færre lokalitetar som er utsett for smitte.

– Bedriftene har ulike metodar som me har diskutert med nemndene, Me har funne gode løysingar på det som tar omsyn til å redusere smittefaren, seier leiar for opplæringskontoret, Arne Lier.

— Krevjande

Ved Lerøy Sjøtroll har dei gjennomført fire fagprøver så langt, og skal ha sju til dei neste månadane. Samfunnskontakt i Lerøy Krister Hoaas seier det har vore krevjande å tilpassa dette til gjeldande smittevernreglar.

— I utgangspunktet har me hatt full stopp i eksterne besøk på våre lokalitetar, sidan eit par veker før regjeringa innførte dei inngripande tiltaka 12. mars. Sidan me ikkje kjem unna fysisk oppmøte under fagprøvene, har Lerøy Sjøtroll, i tett dialog med prøvenemndene, utarbeidd eit notat med smitteførebyggjande tiltak ved gjennomføring av fagprøvar. Dette notatet er sendt til dei aktuelle driftsleiarane, kandidatane og prøvenemndene, seier Hoaas.

Han legg til at nemnda også fyller ut Lerøy sitt standard besøksskjema for alle besøkande på anlegga i forbindelse med covid-19, og eit eige smittevernskjema frå Vestland fylkeskommune før frammøte.

— Me vil rose prøvenemndene, som har vore positive og løysingsorienterte, slik at me har klart å få dette til, seier Hoaas.

Håpar på jobb

Hjå Bolaks i Fusa har både Alexandra Nygård Heidal og Casandra Tveit søkt jobb i selskapet vidare, og håpar dei får halda fram med å jobba på oppdrettsanlegg.

– Me trivst veldig godt og me har ein spennande og variert kvardag i ei framtidsretta næring, seier dei to nyutdanna fagarbeidarane i Fusa samstemt.

Les også: