Eksportprisen for fersk laks går ned i same veke. I veke 13 i 2020 var eksportprisen for fersk laks 58,95 kroner per kilo, ein nedgang på 3,8 prosent samanlikna med veka før då prisen var på 61,29 kroner per kilo. Det kjem fram av ny statistikk frå Statistisk sentralbyrå i dag.
I veke 13 vart det eksportert 137 tonn frosen laks, og prisen var 53,30 kroner kiloet.
Auken i eksportkvantumet frå veke 12 til veke 13 kjem i stor grad av oppgang i eksport til mottakarland som Nederland, Italia og Sverige.