Me når leiaren for Noreg største fôrselskap på telefon frå Hinna i Stavanger.

Enn så lenge er Skretting lite prega av koronakrisa.

— Havbruk og fiskeri blir sett på som ein samfunnskritisk aktør, og må halda oppe produksjonen. Alle i administrasjonen har heimekontor, medan fôrproduksjonen går som normalt. seier Sødal.

I februar kom nyheita om at Erlend Sødal (52) endrar kurs og forlèt sjefsroret ved Skretting i Noreg.

I mai startar han i ny jobb som leiar for «Cage Based Nordic» i Akva group.

Erlend Sødal
  • Alder: 52 år
  • Stilling: Administrerande direktør i Skretting Noreg.
  • Utdanning: Sivilingeniør i industriell økonomi
  • Familie: Gift, 3 barn.
  • Bustad: Hinna i Stavanger.
  • Oppvekst: Kolstad, utanfor Trondheim.

— Avgjersla om å forlata Skretting har vore vanskeleg å ta. Det har vore så utfordrande og lærerikt å vera der, og eg har hatt heilt fantastiske kollegaar. Eg går ut av noko som har vore ein stor del av meg dei siste 25 åra, seier Sødal.

Brukte all energi på sporten

Sødal vaks opp på Kolstad utanfor Trondheim. I det han vil kalla den største drabantbyen nord for Fyllingsdalen i Bergen.

— Det var ein diger smeltedigel, seier 52-åringen.

Det var verken fisk eller karriere som stod fremst i hovudet på trønderen då han kom til Stavanger på 90-talet med utdanning i industriell økonomi frå NTNU.

Eg brukte eigentleg det meste av energien min på handballen.

Han hadde fleire sesongar i eliteserien i Wing i Trondheim bak seg. Då tilbodet om kontrakt med Viking kom, bestemte han seg for å satsa på sporten og for å søka lukka i oljehovudstaden. Han starta med å jobba i eit oljeservicefirma.

Erlend Sødal går no inn i konsernleiinga til Akva Group. Foto: Skretting

Tilfeldig

Vegen inn til lønningsposen i Skretting va høgst tilfeldig, fortel Sødal.

— Oljeprisen datt ned til 13 dollar fatet, eg var 27 år og det var massive permitteringar. Eg fekk tips om ein headhunter på Sandnes. Dette var før e-posta si tid, så eg la CV og søknad i ein konvolutt og sende det i posten til Sandnes. Det gjekk eit par dagar før han ringde tilbake og sa ta han hadde noko eg kunne vore interessert i.

Han hadde frykteleg liten kunnskap om Skretting då han takka ja til jobben.

— Ikkje kunne eg googla dei heller. Så eg var veldig nysgjerrig på kva dette var.

Lukta av pengar

— Korleis var første dag?

— Ein av dei tinga eg hugsar best var stram lukt av fiskemjøl og fiskeolje. Det var lukta av pengar, fekk eg beskjed om. Eg blei fort vand til ho. Men me har blitt betre på den biten, me reinsar og fjernar den mest vesentlege delen av lukta.

Havbruksnæringa blei raskt ein gjevande stad å vera for Sødal.

— Det har vore veldig meiningsfullt å få vera med å utvikla løysingar for å skaffa mat til verdas veksande befolkning. Skretting er ein viktig del av verdikjeda i norsk havbruk. Me er ikkje uvesentlege brikker i eit stort maskineri, og det er lett å sjå at det store maskineriet er meiningsfylt.

Sødal er trygg på at Skretting er i trygge hender, også utan han som direktør. Foto: Anders Furuset

Klar for å læra nye ting

No går Sødal over i eit forretningsområde som i veldig stor grad dekker konvensjonelt havbruk i sjø, og alt som ikkje har direkte med fisken eller foret å gjera, fortel han.

— Eg har mykje å læra. Akva Group er ei velutvikla og leiande bedrift innan sitt segment. Eg forventar å ha ei bratt læringskurve når eg kjem inn. Eg må ha store auge og store øyre, og suga til meg mest mogleg. Eg håpar eg kan bidra med mine erfaringar der eg kjem ifrå.

— Kvifor byte jobb akkurat no?

No har me vaksne born og eg har kapasitet og nysgjerrigheit til å prøva meg på ein annan arena. Akva Group driv med enormt mykje spennande teknologi. Eg har utforskartrong og er eigentleg overraska over at eg har vore so pass lenge i Skretting. Men det har verkeleg vore fint og meiningsfylt å vera der, og eg har vore verdsett.

To kongepokalar

Handballkarrieren blei ein suksess for Sødal. Han var i landslagstroppen i tre sesongar og spelte til saman 45 A-landslagskampar.

Då eg blei far i 1996 byrja eg å trappa ned idretten. Det blei for hektisk å kombinera det med jobb og familieliv. Eg hadde eit comeback i 2000, ein periode då Viking hadde mange skader.

Han spelte fem NM-finalar og vann kongepokalen to gonger.

— Det var ei fin tid.

Hytta i Kirkehamn på Hidra i Flekkefjord har vore ein viktig stad for Sødal og familien. Foto: Privat

Vanvitig profesjonalisering

— 25 år i same bransje. Korleis har utviklinga innan fôrproduksjon vore?

Det har vore ei vanvitig profesjonalisering. Spissformulert så har det gått frå entreprenørskap til storindustri. Heile næringa heldt eit vesentleg høgare nivå på biologi, teknologi og styringskompetanse enn for 25 år sidan. Veksten er mangedobla på desse åra.

Sødal hadde på ingen måte trudd den gongen at havbruk skulle bli så stort og så viktig som det er i dag.

Fiskeri og havbruk er saman Noregs viktigaste eksportnæring etter olje og gass, seier han.

Ønsker fleire utviklingsløyve

— Kva har du gjort om du var fiskeriminister med veldig vide fullmakter for éin dag?

Eg hadde gått inn og sett på utviklingsløyva som blei stoppa av Fiskeridirektoratet og sleppt fleire gjennom. Havbruksnasjonen Noreg treng å vera leiande på teknologi over tid. Eg ville også sett på kva fiskeriministeren gav av incentivordningar, slik at vi får fart på utviklinga av ny og alternativ råvareproduksjon til fiske- og kraftfôr i Noreg. Eg ville ha utfordra heile næringa, og ikkje berre råvare- og fôrleverandørane. Om mogleg, så ville eg har utfordra heile reguleringsregimet for havbruksnæringa for å gjera ting enklare, seier Sødal.

Han peikar også på grunnrenteskatten som han meiner potensielt kan bli ein stor stoppar for utviklinga av norsk havbruk.

Me treng å få arbeidsro utan at næringa blir belasta med denne skatten. Eg trur han oppriktig er ein trussel mot norsk havbruksnæring sin heilt spesielle posisjon i verda. Det er kanskje den einaste betydelege eksportnæringa kor me som nasjon kan ha langsiktige ambisjonar om å vera best og leiande, både på biologi og teknologi. Me treng at myndigheitene heier havbruksnæringa fram.

Kritikarane meiner at med så stor profitt har bransjen råd til dette?

Me påfører oss sjølv konkurranseulempe globalt med denne skatten. Det er ikkje sant at ein berre kan driva lakseproduksjon i norske fjordar. Det skjer så mykje på teknologisida, at lakseproduksjon vil bli mindre og mindre stadbunden. Eg er uroleg for at grunnrenteskatten vil sette stoppar for store investeringar og prosjekt som vil komma i Noreg. Viss det blir lagt til rette for den veksten me ønsker, så vil me uansett henta inn den skatten gjennom økt omsetnad, fleire arbeidsplassar og meir eksport, seier Sødal.

Meir fritid

— Kva gjer du når du ikkje jobbar?

— Eg liker å dra på hytta på Hidra i Flekkefjord. Eg trenar og heng på som supporter for minstemann og lagkameratane som spelar fotball. Jobben som oppdragar er mindre no med store born, og Siv og eg har fått ei meir fleksibel fritid. Det er både godt og litt rart.

— Siste kulturoppleving?

Eg var nyleg på kino og såg den koreanske filmen "Parasit”. Bra film!

Erlend Sødal saman med borna Annelin (21), Frida (24), Lars Erik (17) og kona Siv Sødal. Foto: Privat

Imponert over næringa

Kven fortener skryt?

Geir Ove Ystmark og heile hans stab i Sjømat Noreg. Dei gjer ein fabelaktig jobb i desse tider med å informera bransjen og å avklare med myndigheitene korleis me skal handtera denne krisa. Det same gjeld alle mine kollegaar i Skretting og Nutreco, og alle som jobbar hardt for å halde den samfunnskritiske havbruksnæringa i gong.

— Til slutt. Er du nervøs for å forlata Skretting under det som må seiast å vera spesielle omstende?

Nei, eg trygg på at dette skal gå veldig fint. Eg har eit godt samarbeid med direktøren for den globale verksemda, Therese Log Bergjord, og Håvard Walde, som no blir interim administrerande direktør for Skretting Noreg. Me gjer overleveringa som planlagt, og fokuset vårt er å halda hjula i gang. Me er gjensidig avhengig av å hjelpa kvarandre for å få fisken ut i marknaden og for å få råvarer inn i produksjonen. Og eg ser fram til å bli ein del av Akva Group i mai.

Les også: