– Austevoll er ein viktig fiskerikommune. Dette er min første tur til Austevoll nokosinne, og mitt første besøk til Vestlandet som fiskeri- og sjømatminister. Eg ser fram til å møte folk og næring, og håpar og trur eg vil få mange gode samtalar, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.

Statsråden inviterer blant anna unge fiskarar til ein uformell prat på kaien i Bekkjarvik fredag morgon.

– Sjømatnæringa er ei viktig næring for framtida til Noreg. Vi treng dyktige fiskarar for å fortsetje den gode utviklinga vi har hatt. Eg ønsker å treffe dei unge i næringa, og håpar mange vil møte opp fredag morgon, seier Ingebrigtsen.

Forutan møte med ungdommane skal ministeren besøka Austevoll Seafood, Lerøy og Havfisk. Han skal også innom Opplæringskontoret i Austevoll, Austevoll vidaregåande skule og møte fiskerinæringa i Austevoll.

Fiskeriministeren har også planer om å besøke Hitra/Frøya og Brønnøysund neste veke.

Stor interesse for fiskeri og akvakultur

Leiar for opplæringskontoret i Austevoll ønsker å diskutere behovet for læreplassar i næringa med ministeren.

– Det me er opptekne av er å skaffe lærlingplass til alle lærlingane. I lys av den spesielle situasjonen som er no, med stagnasjon i olje- og gassektoren, merkar me tydeleg at det er mindre interesse for energisektoren og det er mange ungdommar som søker seg til andre sektorar, som fiskeri og akvakultur. Dette er ikkje berre ei moglegheit, men eit behov som må leggast til rette for. Dette må koordinerast og samordnast, seier Lier til IntraFish.

Les også: