Hjeltnes har ikkje følgt det naturlege sporet i livet. Oppveksten skjedde i fleire fjellbygder. Om nokon er fødd med ski på beina, var Hjeltnes ei av dei.

Med ein far som banevaktar for NSB, var det jarnspor som styrte vegen. Men etter avslutta gymnas på Voss, tog toget henne til endestasjonen Bergen. Sidan har sjøen og livet der vore ein viktig del for henne.

- I dag kunne eg ikkje klart meg utan nærleiken til kysten, fastslår ho.

- Men eg står framleis på ski, altså.