Ferske tal frå Utdanningsdirektoratet (Udir) viser at enkelte lærlinggrupper er hardare råka enn andre. På det meste var 4379 unge har vore permittert siste året, grunna koronapandemien. I starten av mars var 524 lærlingar permitterte, noko som utgjer 1,1 prosent av alle lærlingane i landet. Det er betydeleg færre enn i april 2020, men det har vore ein auke sidan slutten av 2020. Denne auken held fram.

Fekk fagbrev

– Det gjekk betre enn eg hadde trudd, seier sjømathandlar Solveig Sletten (20) til IntraFish.

IntraFish snakka med lærling Solveig Sletten kort tid etter koronanedstenginga i fjor mars. Ho hadde nettopp fått beskjed om at ho blei permittert frå jobben ved Strandkaien Fisk i Bergen og var uroa for framtida og om ho fekk gå opp til fagprøven i september, som planlagt.

Då koronanedstenginga skjedde i fjor mars vart over 4000 lærlingar permitterte nasjonalt. Tala har gått nedover fram mot desember i 2020 – men trenden er stigande att etter at dei nye nedstengingane har skjedd før og etter jul. I starten av mars var det 524 lærlingar totalt som var permitterte.

Når me på ny er innom fiskehandlaren på Fisketorget i Bergen denne veka er det ei svært fornøgd Solveig Sletten som møter oss bak disken. Ho vart berre permittert ein månad totalt – før ho fekk kome tilbake i jobb for fullt i april.

– Ting losna fortare enn me hadde frykta. Eg var også uroa for om det lét seg gjere å ta fagprøven – på grunn av smittevern og slike ting. Men eg fekk tatt den i september – ein månad etter planen. Så er veldig glad for det.

Det er færre kundar innom Strandkaien Fisk no enn før koronapandemien. Men Solveig Sletten fekk likevel fast jobb i butikken. Foto: Marthe Njåstad

For ho har 2021 så langt kome med gode nyheiter. Med fagbrevet i boks fekk ho i januar fast jobb som sjømathandlar ved Strandkaien Fisk.

– Eg er veldig fornøgd – det er godt å ha noko fast å gå til, seier ho til IntraFish.

Ho fortel at salet i fiskebutikken på Fisketorget i Bergen ikkje går så aller verst.

– I starten av korona var det veldig, veldig stille, men det blei betre gjennom sommaren. Julehandelen gjekk faktisk veldig bra. Januar og februar er alltid vore treigt, seier ho.

Stigande trend

18 prosent av lærlingane innan restaurant- og matfag er permittert. Spesielt kokkefaget er hardt ramma.

Totalt har 52 lærlingar og lærekandidatar blitt sagt opp sidan 1. mars på grunn av koronasituasjonen.

Statistikken viser talet på permitterte lærlingar totalt i Noreg frå starten av koronapandemien. Da var det i ein periode over 4000 lærlingar som var permitterte. Foto: Utdanningsdirektoratet

Fiskeri- og havbruk har vore skjerma frå dei store utfordringane for lærlingane.

Ein gjennomgang IntraFish har gjort med dei ulike fylkeskommunane viser at svært få lærlingar har vorte permitterte innan fiskeri- og havbruk i 2020 og 2021.

– Troms og Finnmark fylkeskommune har ikkje fått inn nokon meldingar om permitterte lærlingar i akvakultur, fiske og fangst, sjømathandlar eller sjømatproduksjon verken i 2020 eller 2021. Det har vore nokon forseinkingar med å få halde fagprøver i akvakulturfaget innanfor læretid, då næringa i fleire periodar har hatt strenge restriksjonar for reise for sine tilsette i nemndene og det å ta imot personar utanfrå (nemnda) på sine anlegg, opplyser May Bente Eriksen i Troms og Finnmark fylkeskommune.

Camilla Kristensen (tv), dagleg leiar på Opplæringskontoret for fiskerifag i Midtre-Helgeland og Nettopp Fisk. Her er ho saman med Isabel Bergseter Hansen, prosjektmedarbeidar ved Kunnskapssenteret i Gildeskål. Foto: Alf Fagerheim

– Trygg veg å gå

Camilla Høiby Kristensen er leiar for Nettopp Fisk, nettverk for fiskerifaglege opplæringskontor i Noreg. Ho seier tilbakemeldingane frå opplæringskontora rundt om i landet er at lærlingane i fiskeri og havbruk har vore skåna for dei største utfordringane.

Ett år i krise
  • Den 12. mars 2020 holdt statsminister Erna Solberg sin korona-pressekonferanse der Norge ble nedstengt for første gang. Få uker tidligere hadde det første smittetilfellet i Norge blitt bekreftet.
  • Regjeringen har innført en rekke økonomiske tiltak, rettet både mot landets bedrifter og ansatte. Til tross for dette ble 25 prosent av alle husholdninger i Norge på ett eller annet tidspunkt rammet av krisen gjennom permitteringer, oppsigelser eller tapte næringsinntekter. Fremdeles er rundt 18 prosent/430.000 husholdninger rammet.
  • Rundt 260.000 husholdninger/11 prosent har betalingsproblemer knyttet til minst én regningstype eller låneforpliktelse. Det er gjerne personer knyttet til reiseliv, hotell og restaurantbransjen som er hardest rammet.

– Me var spente på avvikling av fagprøvene, men det gjekk seg til. Status no er at me er upåverka – og så vil me sjå utover våren korleis det blir, seier Kristensen.

Opplæringskontora i Nettopp Fisk har 350 lærlingar til saman. Ho seier at også formidlinga av nye lærlingar har gått bra så langt.

– Sånn som det ser ut no er havbruk og fiskeri er ein trygg veg å gå for ungdommane. Men det er ingen tvil om at havbruksnæringa kjem med andre resultat for 2020 enn dei andre åra. Ein blir påverka, men eg har inntrykk av at dette å rekruttere gjennom lærlingordninga er viktig for bedriftene.

Ho seier bedriftene også har fått eit lite ekstra tilskot frå regjeringa kvar månad som skal vare ut juni.

– Eg har inntrykk av at regjeringa tar dette med lærlingane veldig seriøst.

_________________________________________________________________________________________________

Har du lyst til å lese flere nyheter fra sjømatnæringen? Prøv oss for 1 krone den første måneden