Det melder Havforskingsinstituttet.

Pukkellaksen invaderte norske elver i 2017 og 2019. Spørsmålet har derfor vore om det vil gjenta seg i 2021, og alt tyder på det, skriv instituttet.

– Vi har aldri før fått like mange pukkellaksar i trålen, seier havforskar Kjell Rong Utne om fangstane frå det årlege maitoktet i Norskehavet.

Meir over eit større område

Fartøy frå Norge, Island, Danmark og Færøyane er ute for å kartlegge først og fremst silda, men også andre artar. Dei trålar over store havområde.

– Både vi, det færøyske og det danske fartøyet har fått fangstar med pukkellaks. Vi har fått både meir av dei og over eit større område enn i pukkellaksåra 2017 og 2019, seier Utne, som forskar på laksen i havet.

I 2017 og 2019 blei det fanga høvesvis 53 og 24 pukkelaksar. I år er totalen 91 stykk. I eitt trålhal var det 28 stykk.

Fiskane, som er på mellom 400-1500 gram, er fanga lengre sør og vest enn tidlegare, opplyser HI.

Pukkellaks
  • Pukkellaks er ein stillehavslaks med toårig livssyklus som har etablert seg i fleire elver i Finnmark.
  • Pukkellaks høyrer naturleg heime i nordlege deler av Stillehavet, med gytebestandar både på østsida (USA, Canada) og vestsida (Russland, Japan, Korea)
  • Etter klekking i elv om våren driv yngelen ut i sjøen, der den veks raskt og returnerer til elva for gyting den andre sommaren etter klekking.
  • All pukkellaks døyr etter gyting.
  • Arten er på Fremmedartlista
Kilde: NINA

Vanskeleg å spå mengdene

– Det er definitivt pukkellaksår, men det er vanskeleg å spå mengdene og kor dei kjem til å treffe land, seier forskar Eva Thorstad i NINA.

Forskarane veit framleis lite i kva grad pukkellaksen er eit problem for vår atlantiske laks. Fortrenging og konkurranse om plass om mat vil kunne vere eit problem om mengdene pukkellaks blir overveldande i vassdrag.

I mange elver opna laksefisket 1. eller det opnar 15. juni. NINA har derfor lagt ut ein artikkel om kva du gjer om du får pukkellaks på kroken.