54 år gamle Geir Veivåg har store delar av sitt vaksne liv jobba på Austevoll laksepakkeri, med fagbrev som fiskeproduksjonmedarbeidar.

Men i påska i år vart det bråstopp. Han tolte ikkje lengre å vere i nærleiken av laks.

– Sjukdommen er silk at eg får veldig dårleg pust og det kjennest nesten som eg blir kvelt. Det er ganske alvorleg. Det er ikkje til å spøke med når det er på verste, seier Veivåg.

Han har fått astma og er allergisk mot laks og aure – han kan ete fisken - men toler ikkje å vere i kontakt med den.