Det er tydeleg at han likar jobben sin. 42-åringen som driv millionbusiness i USA frå øya Indre Kvarøy i Lurøy kommune i Nordland. Øya har rundt 80 innbyggjarar.

Alf Gøran Knutsen

Alder: 42 år

Stilling: Dagleg leiar av Kvarøy Fiskeoppdrett

Utdanning: Lærarskulen på Nesna (fire år), årseining i bedriftsøkonomi frå Universitetet i Tromsø, halvårseining i marknadskompetanse for norsk sjømatnæring ved NHH i Bergen.

Sivil status: Gift med Ida, dotter på 8 år, to søner på 12 og 15 år.

Oppvekst: Stokkvågen, ei bygd i Lurøy kommune på Helgeland i Nordland.

Bustad: Indre Kvarøy, Lurøy kommune.

IntraFish intervjuar Knutsen medan han ventar på eit fly på Værnes. Han er som regel alltid på veg ein stad. Før koronapandemien var han gjerne vekke på reise halve året.

Denne helga er det faktisk ikkje jobbreise, men den årlege golfturen med kompisgjengen som står for tur. No er det golfbanene rundt København som skal testast ut.

– Det blir godt å gjere noko anna. Det har vore helt borti natta hektisk i det siste. Det er ei hektisk tid på året. Me har ein lei tendens til å si ja til ganske mange prosjekt. Og i det siste har me hatt ganske mange prosjekt, seier Knutsen til Intrafish.

Vil få arbeidsplassar til Noreg

Kvarøy-konsernet har investert 200 millionar kroner i bygging av nytt Smoltanlegg i Mo i Rana og er med på eit landbasert prosjekt, Arctic Seafarm.

Det siste store prosjektet på blokka er opninga av foredlingsfabrikk på Eidsvoll til neste år. Fabrikken skal etter planen sysselsette 60 personar når den er i full drift.

– 1814 Salmon er mitt hjarteborn som eg har jobba hardt med å få på plass. Me har halde det under radaren i lang tid. Når rykta byrjar å svirre, er det vanskeleg å få til det ein ønsker å få til. Me foredlar mykje i Europa, det betyr ikkje at me skal slutte med det. Me har for mykje fisk til å kunne foredle alt heime. Me er opptatt av å ha godt samarbeid og dialog med dei vidare.

Han legg ikkje skjul på at det har komme kritikk på at dei valde Austlandet som plassering for den nye fabrikken. Han meiner selskapet må tenke litt lenger enn lokalpatriotismen og viser til at ferja frå Kvarøy går tre gonger i veka.

– Skulle me gjort det der, hadde me måtte jobba mot fylket for å få fleire avgangar. Det hadde ikkje gått og hadde ikkje blitt bra.

Selskapet såg også på moglegheita for å ha fabrikken på Kvarøy og teikna utkast. Men til slutt vann logistikken som er bygd opp rundt Gardermoen.

– Eg har genuint trua på at me kan få desse arbeidsplassane heim til Noreg og gjer det like bra og billeg i Noreg som det me gjer i dag i Europa.

Knutsen startar arbeidsdagen tidlegare enn dei fleste av oss – salsavdelinga i USA må også følgjast opp. Foto: Privat

Ikkje uroa for høge straumprisar

– Angrar de ikkje litt på valet av plassering når de ser på straumprisane i Sør-Noreg?

– Straumprisane er høge no og ser ut til å vere høge lenge, og ja Nord-Noreg er meir gunstig på det akkurat no. Men straumforbruket er ikkje det som avgjer plassering, det er laksen og logistikk. I tillegg har me gjort og planlegg å gjennomføre ein rekke tiltak for å få ned straumbruken, og dessutan korleis me kan tilpasse oss ei eventuell straumstøtte. Det skal mykje til for at straumprisen skal ete opp vår forteneste, slår han fast.

– Korleis klarar du å halde så mange ballar i lufta samtidig?

– Eg er strukturert og jobbar godt. Eg er framleis glad i jobben, og det trur eg hjelper på. Eg er ein morgonperson, eg er oppe klokka 5. Da går eg på jobb. Så jobbar eg til klokka 4 og går heim og ete middag. Så blir det jo ein og annan dag kor det blir jobbing på ettermiddagen og. Med alt det me held på med, så krev det så pass, seier Knutsen.

Han byrjar å innsjå at han ikkje kan gjere at sjølv, fortel han.

– Eg har heldigvis mange dyktige folk rundt meg. Eg hadde kvartalsmøte for dei tilsette no, og me byrjar å bli så mange at me knapt kan samle dei på Kvarøy lengre.

Selskapet var i 2005 sju tilsette. No er dei snart 70.

– Me er veldig opptatt av å rekruttere dei rette folka. Helst skal dei bu på Kvarøy, men sjølv der har me måtte gjere kompromiss, for me klarer ikkje å bygge hus fort nok. Eg er husbyggar og alt mogleg oppi der. Dagen strekker ikkje til. Men det er gjevande.

Knutsen fortel at han er flink til å kjenne etter når det begynner å bli for mykje og ta seg ein pause.

– Den dagen eg vaknar opp klokka 05 og er lunken til å gå på jobb, er det ikkje slik at eg er uerstatteleg. Då får dei finne nokon andre.

– Bratt læringskurve

Totalt omsatte Kvarøy-konsernet for over 1 milliard kroner i fjor. Kvarøy Fiskeoppdrett hadde eit resultat på over 60 millionar kroner.

Mesteparten av laksen produsert i øysamfunnet i Nordland finn vegen over Atlanteren.

I 2020 tok selskapet sats og lanserte sitt eige premiummerke for sal berre i USA, Kvarøy Arctic. Kvarøy sel ferdige produkt som går rett i butikkhylla. Blant anna burgarar og pølser av laks.

– Det går svært, svært bra. Då me begynte med dette var me klar over at dette var ein lang jobb. Me skulle jobbe hardt med det i eitt år, no er det tre år sidan me har starta med det. Det har vore trøblete med korona, dyr flyfrakt, valuta og prising. Det er mange ting å tenke på, seier han og legg til:

– Me har hatt ei bratt læringskurve. Men no er me kommen langt, eg ser konturane av det eg påstod og meinte, at denne jobben med å ha eit eige merke og gjere det me gjer, det får me anerkjenning for.

Foto: Kenneth Didriksen

– Redd for å jinxe det

Også i år, kor prisane har vore svært høge, har dei lagt over kiloprisen i spotmarknaden.

– Spesielt med dei lange avtalene. Dei er så vanvitige gode. Eg kjenner sjølv at eg blir smånervøs av å seie at det går så bra. Eg er redd for å «jinxe» det. Det har vert ein lang veg dit, og me må framleis jobbe. Men det er verdt det, slår Knutsen fast.

– Viss nokon hadde spurt om eg ville anbefale å gjere det me har gjort, vil eg seie nei ti av ti gonger. Men du milde, når ein lukkast og får det til, er det eit enormt potensial. USA er stort. Det er stor risiko å gå berre i ein marknad. Men det går an å lukkast, og det er absolutt plass til fleire. Me seier meir nei enn ja. Då er ein kommen i rett posisjon.

Knutsen har tilsett eit team i USA for å halde på med sal, men han er sjølv dagleg leiar. Noko som inneber mykje reising.

– Eg er der for mykje. Eg er jo framleis dagleg leiar. Det er litt kulturkrasj, ein skal stole på dei ein har der borte, og det er store verdiar.

Han er i USA i alle fall mellom seks og åtte gongar i året.

– Slik som no og fram til jul er eg ein gong i månaden minimum. Eg likar kontakten med kunden og å få tilbakemelding på kva me kan gjere betre. Det er det som har drive prosjektet, og som skil oss ut frå dei andre. Eg likar det. Men det var godt å sjå under pandemien at ein del av det me heldt på med kan fungere sjølv på Teams eller Zoom som dei bruker i USA.

Alf Gøran Knutsen har vore aktiv i fotballmiljøet i Kvarøy lenge. Under koronapandemien såg han sitt snitt til å trappe ned aktiviteten. No er det familien, og litt golf, som tek opp fritida for 42-åringen. Foto: Privat

Fått kona med i selskapet

Knutsen bur til dagleg på Indre Kvarøy saman med kona Ida. Saman har dei ei dotter på 8 år og to søner på 12 og 15 år.

– Korleis er det å kombinere all reisinga med familielivet?

– Eg har eit veldig flott kvinnemenneske bak meg, og no jobbar ho i bedrifta ho også. Det er veldig hyggeleg. Ho er sosiale medium- og marknadsføringsansvarleg. Ho gjer ein fantastisk jobb. Det gjekk 15 år før eg klarte å overtale ho. Ho har jobba i barnehagen her fram til no. Det har vore flott når eg har reist mykje. No når ho er over i ny jobb vert det meir reising på ho også.

Knutsen tok over som dagleg leiar i selskapet etter svigerfaren for snart 15 år sidan. Han var nettopp ferdig med lærarutdanninga, men det vart fiskeoppdrett i staden.

– Me er velsigna med fantastiske svigerforeldre som bur på øya, og som meir enn gjerne passar ungane. Kona og eg skal på ferie saman no i haust, då skal dei passe ungane. Det hadde ikkje gått dette livet eg heldt på med utan ei kone som forstår dette, for ho er delvis grunnen til at eg hamna der eg er.

Difor kan ho ikkje gjere noko anna enn å vise forståing for all jobbinga, påpeiker han lurt.

– Det er ein fordel. Skulle eg hatt ein partnar som kom utanfrå og ikkje forstod det, då hadde det antakelegvis ikkje gått. Då hadde eg vore singel. Det hadde blitt mykje golfing, seier han med eit smil.

Var nabo med Fiskeriministeren

– Viss du var Fiskeriminister for ein dag. Kva ville du gjort?

– Alle vil vel svare at det første dei ville gjort var å tildele konsesjonar til seg sjølv. Ein dag er for lite til å føle at eg får gjort noko som er meiningsfullt. Men eg hadde sett i gang noko for å få fleire arbeidsplassar i Noreg.

Han kallar seg sjølv partisk, og viser til at han kjenner fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran nesten litt for godt.

– Me har spelt fotball saman, og var naboar då me vaks opp. Eg synest han gjer ein grei jobb. Det er mange som er kritisk til mange ting. Det handlar ikkje berre om ministeren, han har ikkje all makt i verda, det er folk rundt og eit apparat.

Knutsen saman med den amerikanske kjøkkensjefen Sammy Monsour som driv restaurant i Los Angeles. Under Aqua Nor i 2019 serverte dei laks produsert på algefôr. Foto: Joar Grindheim

Vurderer ikkje å gå på børs

Debatten om formuesskatten vil Kvarøy-sjefen helst ikkje snakke så mykje om. Han meiner det er nok av folk som syt og klagar over den, sjølv om han absolutt ikkje ønsker den velkommen.

Spørsmål om å gå på børs og flagging av selskapet avviser han kontant.

– Gå på Børs? Nei. Flytte til utlandet? Nei. Selje? Nei. For første gang har me fått førespurnad om å selje også, men det er ikkje eit tema. Då må ein finne løysingar. Klart, går det ikkje, så går det ikkje. Me er ikkje der endå. Men me føler ein blir pusha ganske langt mot det.

Han seier selskapet har vert flinke på å ta ut utbytte til eigarane.

– Men eigarane har vore flinke til å investere i lokalsamfunnet igjen. Dei fleste trur oppdrettarane tar ut pengar for å fylle si eiga lomma. Men viss ein hadde orka å grave seg ned i våre rekneskap, så vil ein sjå at me bruker pengar i andre selskap igjen.

– Mange andre familieeigde oppdrettarar gjer akkurat det same, dei er gründerar og pionerar, folk som ønsker å skape ting i lokalsamfunn. Dei ønsker ikkje å sitte på Aker Brygge og fôre laks, avsluttar Knutsen.