Jan Olav Langeland

Stilling: Direktør i Grønneviken AS

Aktuell: Blir ny administrerande direktør i Salmon Group frå 01. august.

Alder: 49 år

Bustad: Salhus utanfor Bergen

Familie: Gift, to born.

Utdanning: Økonomi, leiing og marknadsføring frå NHH. Han har også teke leiarutviklingsprogrammet NEXT hjå Statkraft og LOM hjå BKK-konsernet.

Nyleg blei det klart at Jan Olav Langeland (49) tek over som administrerande direktør i Salmon Group. Kanskje eit ukjend namn for nokon, men Langeland har jobba i havbruk tidlegare, som marknadssjef i fôrselskapet Ewos frå 2007 til 2009.

— Eg har lært mykje om fôrets betyding for fiskehelsa, og eg gler meg til å tileigna med ny viten på dette feltet. I min karriere har eg vore leiar i mange ulike bransjar, inkludert tida i Ewos, som har gitt meg mykje kompetanse innan verdikjede, elektrifisering, AI og digitalisering. Eg er veldig trygg på kompetansen på oppdrett i organisasjonen eg skal inn i — både hjå aksjonærane og dei som jobbar der, seier Langeland til IntraFish.

Blanda reaksjonar

Reaksjonane på jobbskiftet til oppdrettsnæringa har ikkje berre vore eintydig positive.

— Noko av responsen på jobbskiftet har kome med litt bismak, med kommentarar som: «Skal du inn i den bransjen, altså». Eg trur det skuldast at folk veit for lite om korleis oppdrett fungerer. Eg brenn for å komma inn i selskapet og å få riktig fakta ut til folk, seier Langeland.

Den engasjerte 49-åringen er vaksen opp i Salhus utanfor Bergen, kor han framleis bur. Som eldst av tre brør tok han tidleg styringa både heime og ute.

— I Salhus er det eit rikt kultur- og idrettstilbod. Eg blei veldig fort slukt inn i dette miljøet, og det gjekk fort å få leiarroller. Eg blei mellom anna trenar for eit barneparti i turn som 14-åring. Leiarskap har kome naturleg for meg. Det blir fort til at eg tar ansvar i grupper. Det er ein ryggmergsrefleks.

Jan Olav Langeland sammen med sonen Alexander, dottera Madelén og kona Therese på ferie i Spania i 2016. Foto: Privat

Butikksjef som 22-åring

Langeland sin første «skikkelege» jobb fekk han som 22-åring då han blei butikksjef for Jack & Jones på Kløverhuset i Bergen. I 1996 byrja han i Synnøve Finden, som var ei svært utviklande og lærerik reise, fortel 49-åringen.

— Eg hadde åtte stillingar i løpet av ti år i selskapet. Det var eit selskap som vaks frå 12 millionar i omsetnad i 1995 til over 1,2 milliardar 10 år seinare. Viss ein gjer jobben sin og stikk seg fram, så får ein sjansar. Eg greip desse, og lærdommen frå denne tida har eg dradd nytte av i andre stillingar og bransjar vidare i yrkeslivet.

Likar å utfordra

Det var ikkje tilfeldig at han ønska jobben med å leia Salmon Group, som er eit nettverk av små og mellomstore oppdrettarar som er lokaleigde.

Salmon Group
  • Eit nettverk for små og mellomstore lakseprodusentar.
  • Administrasjonen held til i Bergen
  • Noko av det nettverket driv med er innkjøpsavtalar for sine medlemmar, og dessutan lobbyarbeid.

— Den rolla som utfordrar er eg veldig glad i. Det å kunne gjera noko for små og mellomstore, det gjer noko med meg. Tidlegare i karrieren har eg fått lov å bryta eit monopol med ein stor konkurrent. Det mindre selskap kan gjera er å snu seg rundt mykje fortare enn dei store.

Det å ha vore med på å bryta eit monopol, ser Langeland på som det mest utfordrande han har gjort i karrieren sin. Og han trur dette vil vera svært nyttig å ha med seg inn i Salmon Group.

— Tilbake i 1996 då me drog i gang Synnøve Finden, då var det veslesystera til David som skulle slost mot Goliat. Me kjempa mot ein stor konkurrent. Det var kjempekrevjande, og fleire av oss jobba døgnet rundt for å få det til. Ser ein på historiske tal i selskapet, så var ikkje drifta lønsam. Det blei lønsamt i det rammevilkåra vart endra. Ein må ha vilkår som gjera at ein kan ha ulike næringar, ikkje minst ute i distrikta. Eg har jobba både lokalpolitisk og sentralt, og effekten av å få på plass rammevilkår er stor.

Jan Olav Langeland trives godt på tur i fjellet og har hytte i Myrkdalen i Voss kommune. Foto: Privat

«Gløymd» arbeidskraft

Langeland er i dag leiar for arbeidsmarknadsbedrifta Grønneviken AS i Bergen, med 140 tilsette. Dei tek mellom anna i mot personar på tiltak frå NAV og har varig tilrettelagde arbeidsplassar for personar som fell utanfor eit ordinært arbeidsliv.

Tanken om at det er viktig å inkludera alle grupper i arbeidslivet er noko han brenn sterkt for. Ikkje minst i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.

— Det som eg synest er spennande med Grønneviken og heile denne bransjen er den litt «gløymde» arbeidskrafta som er her. Mange tenker at dei som er på Grønneviken puslar og lagar perlesmykke. Men dette er reelle arbeidsplassar med omfattande og moderne maskinpark. Me har fullt av CNC-maskiner og fagfolk med fagbrev som kan tilby opplæring.

Naudsynt med lokal arbeidskraft

Vil du jobba for meir inkludering hjå aksjonærane i Salmon Group?

— Eg vil bruka min kunnskap om det til å gjera det meir kjent. Det er ein litt for godt bevart hemmelegheit kor bra det er, både for kulturen i bedrifta, for samfunnet og for enkeltindividet. Men også det at ein får så god, stabil og lojal arbeidskraft gjennom slik rekruttering.

Han peikar på dagens situasjon som ein viktig vekkar på kor naudsynt det er med kortreist arbeidskraft.

— Det er mange som pendlar inn til denne bransjen for å utføra arbeid. Men med karantene-periodar og ikkje minst slik kronekursen er no mot euro og dollar, så vil det bety at lønningsposen har blitt 25 prosent mindre for dei som har kostnadane sine i euro i heimlandet. Kor attraktivt er det då å reisa tilbake til Noreg? Me har veldig mykje arbeidskraft i landet vårt som kan brukast. 80 prosent av denne gruppa står utanfor arbeidslivet, men svært mange av dei kan og ønsker å jobba.

Treng sunn og berekraftig mat

Når det gjeld framtida til norsk oppdrett, er Langeland optimist, og han meiner dagens situasjon med koronaviruset viser endå sterkare kor viktig rolle oppdrettsnæringa har i samfunnet.

— Me treng sunn og berekraftig mat, og det produserer me gjennom våre eigarar. Det vil vera eit fotavtrykk i produksjon av mat uansett, men produksjon av laks i Noreg gir det lågaste fotavtrykket. Måten mat har blitt produsert på i ein del marknadar rundt om i verda, kor dei har eit heilt anna forhold til hygiene og ikkje minst til dyrevelferd, har kanskje ført oss inn i den situasjonen me står i no. Her kan me vera eit føregangseksempel på korleis ein kan gjera det på ein god måte.

Ønsker tettare samarbeid

Det er kanskje litt tidleg å konkludera her endå, men har du nokre tankar om kva du ville gjort dersom du var Fiskeriminister for ein dag?

— Eg skal gje både Ingebrigtsen og meg sjølv litt meir tid i jobben før me kastar oss ut i dette. Men eg hadde valt å fokusera på berekraft og berekraftsmåla. Det står sterkt på Salmon Group sin agenda. Fiskeriministeren må sjå på kva FN sine berekraftsmål seier, og sjå på mat under eitt. Eg ville sett til eit anna departement. Korleis kan me skapa eit heilskapleg resultat for både fiskeri og landbruk? Me treng tettare samarbeid mellom dei to næringane.

Til slutt, kva gjer du på når du ikkje jobbar?

— Eg er veldig glad i fjord og fjell. Når det vårast gjer eg klar båten og får den på sjøen. Haust og vinter er det fjellet og hytta i Myrkdalen som lokkar. Det går også mykje tid med som fotballtrenar til sonen min. I tillegg spelar både sonen og dottera mi handball. Så det går med ein del timar i handballhallar også. Salhus ligg heilt nede med sjøen og har fjellet rett bak. Det å kunna gå ut døra og ha kortreiste naturopplevingar er magisk, det er der eg hentar energi og samlar tankane mine, avsluttar Langeland, som startar i den nye stillinga 01. august.

Les også: