Vartdal Plastindustri har hatt sitt superfresh produkt laga av EPS (ekspandert polysteren) på marknaden i fleire år. Men no er det aukande interesse frå næringsmiddelindustrien for produktet.

- Responsen er veldig bra. Det er ikkje eit nytt produkt, og det har vore på marknaden i fleire år. Men å forlenge haldbarheita til ferske matvareprodukt er meir framme hos produsentane no, og me jobbar konkret mot kjedar og aktørar i Europa. Sidan august i fjor har me køyrt testar saman med ein aktør som ønskjer å bruke superfresh-produktet til pakking av både kylling og skaldyr, samt raud og kvit fisk, fortel administrerande direktør Jan Endre Vartdal i Vartdal Plastindustri som er på plass på sjømatmessa i Brussel.

Dersom