Selskapet har fått påvist ILA på lokaliteten Kvanntoneset i Lavangen kommune i Sør–Troms.

- Det står litt over 800.000 fisk på lokaliteten, og me er i dialog med Mattilsynet for korleis me skal ta den ut, seier dagleg leiar Odd Bekkeli i Salaks til IntraFish.

Annus horribilis

2019 er året der Salaks er blitt råka av både algar, jordskred og døyelegheit på smolt etter hydrogensulfid i selskapets smoltanlegg, og no altså ILA.

- Der er utruleg kva som kan skje og det må vere måte på uflaks.