- All produksjon til og med august er selt, og i tillegg har kundane våre no lagt inn reservasjon for heile produksjonen ut året, fortel dagleg leiar Kjell Gunnar Lund i Biofeed til IntraFish.

Årskapasiteten er ein produksjon på 3.000 tonn. Totalt gir det 150.000 tonn ferdig laksefôr. På kundelista står tre fôrprodusentar. Danske Aller Aqua, norske Polarfeed og færøyske Havsbrún. Lund trur interesse frå andre store fôrprodusentar for tilsetninga har medverka til at selskapet no er utselt.

Før jul kom nemleg forskingsrapporten frå Nofima som gav dokumentasjonen på at dei naturlege minerala i Biofeed Forte gjer auren meir motstandsdyktig mot lakselus på grunn av produksjonen av ekstra slim.