Brønnbåten Hordagut har vore nokre månader forseinka grunna korona, men førre veke kom båten til reiarlaget Hordalaks Holding endeleg i drift. Reiarlaget er eigd av dei fem oppdrettsselskapa Blom Fiskeoppdrett, Kobbevik og Furuholmen oppdrett, Engesund Fiskeoppdrett, Fremskridt Laks og Fylkesnes Fisk, og dessutan Kerko Seatrans.

Første oppdrag for den splitter nye båten overlevert frå Fitjar Mek. Verksted var ei avlusing for Fremskridt laks på Bømlo forrige veka.

– Båten har vore etterlengta sidan me bestilte han. Det er ein heilt fantastisk båt og det gjekk knirkefritt på jomfruturen, seier dagleg leiar Bernhard Espevold, og legg til:

– Det var ein god erfaring å få tatt båten i bruk.