18. august går startskuddet for årets lakseauksjon, kor 42 selskap har meldt seg på.

Vel 27.000 tonn produksjonskapasitet i grønt område er tilgjengeleg i auksjonen. Dagleg leiar i Egil Kristoffersen og Sønner, Eva Kristoffersen meiner auksjonsordninga ikkje er ei god ordning for mindre selskap:

– Små selskap har mykje mindre moglegheit til å betale dei prisane som er på konsesjonane, samanlikna med dei store selskapa. Dei store har mange fleire konsesjonar og større inntekt å fordele på enn me har.