Trine Sæther Romuld

Aktuell: Startar som finansdirektør og strategiansvarleg i Salmar Ocean i september

Alder: 52 år

Utdanning: Statsautorisert revisor

Bustad: Stavanger

Oppvekst: Batnfjordsøra på Nordmøre

Familie: Gift, to born, eitt barneborn

– Eg synest det er kjempespanande å få lov å vere med på det som forhåpentlegvis er eit nytt norsk industrieventyr. Det er kanskje ei moglegheit du berre får ein gong i livet. Me skal kombinere biologi og teknologi i endå større grad enn før, seier Trine Romuld til IntraFish.

Torsdag førre veke kom nyheita om at ho skal slutte som finansdirektør for Salmar og starte i stillinga som finansdirektør og strategiansvarleg for Salmar Ocean.

Er du ein god strateg?

– Strategi kan vere så mangt — og den endrar seg ut ifrå kva fase selskapet er i. No er eg veldig opptatt av at eg skal inn i ein organisasjon kor det er andre får før av. Eg kjem inn for å styrke teamet som er der med ein annan type bakgrunn — og for å gjere oss klar til å ta den veksten som me planlegg for. I starten blir nok finansdirektør-rolla den viktigaste. Strategien no er å få på plass lokalitet så me kan komme i gang — og få på plass eit konsesjonsregime, svarar Romuld.

Vaks opp på gard

Salmar-direktøren er oppvaksen på gard på Nordmøre — men det var ikkje dyra som kalla. Medan broren utdanna seg til veterinær og tok over gardsdrifta — var det tala som fanga interessa til Romuld.

Ho flytta til Stavanger saman med kjærasten då dei fekk sine første fulltidsjobbar i 1990. Ho var berre 22 år gammal. Romuld jobba i to år før ho gjekk tilbake på skulebenken ved NHH i to år for å bli statsautorisert revisor.

– Me søkte jobbar i dei fire største byane i Noreg — og bestemte oss for å flytte dit den første av oss fekk jobb. Me skulle vere der nokre år og så flytte tilbake til Nordmøre. Men me treivst så godt, og bestemte oss for å bli verande i Stavanger.

No står ho på kanten av eit gjennombrot i norsk oppdrettshistorie — med ansvar for strategi, økonomi og finans.

Romuld har bakgrunn frå både oljeservice, konsulentbransjen og sjømat. I 2003 starta ho som finansdirektør i Pan Fish, som kjøpte opp og slo saman Fjord Seafood og deretter Marine Harvest - og som i dag heiter Mowi. Her blei ho til 2007.

Ho kom til Salmar frå stilling som partnar og regionsleiar i KPMG og har mellom anna vore styremedlem i Bakkafrost og no Sparebank 1 SR-bank.

Trine Sæther Romuld på Stortussen, som er den høgaste fjelltoppen i Åndal i Batnfjordsøra. Toppen er 1027 meter høg. Foto: Privat

Vil starte i Noreg

I kvartalsrapporten la Salmar fram moglegheita for å starte med havbasert oppdrett i andre land, som New Zealand, USA og Island.

– Strategien er at me ønsker å starte i Noreg, kor me har den optimale tilgangen til havet som me har utanfor norskekysten. Me ønsker å begynne her først og bruke kompetansen og infrastrukturen lokalt. Så vil det andre komme som eit steg to, seier ho og legg til:

– Me har indikert store volum — og også volum som kan vere på same nivå som vi allereie produserer i Salmar i dag. Så vil tida visa kor for det kan skje. Det er avhengig av ei rekke faktorar som ikkje berre er opp til oss å ta stilling til. Blant anna dette med rammevilkår, konsesjonar og tilgang til areal.

Er dette starten på slutten for tradisjonelt fjordbasert oppdrett?

– Nei. Dette blir i tillegg til det som er kystnært.

De har ingen planar om å skalere ned i Salmar?

– Nei, på ingen måte. Trafikklysauksjonen i august i fjor — kor Salmar var den største kjøparen — også utover vår relative eigardel, er eit godt signal på at me ikkje har tenkt å skalere ned. Me skal fortsette å jobbe med det kystnære. Eigentleg er det to retningar. Me veit me er kjempegode på det kystnære, men me ønske å bruke kompetansen frå det kystnære og ta det endå lengre ut i havet. Og me har ambisiøse mål for berekraftig vekst i begge retningar.

Megatrendane er for laks

Vil marknaden klare å ta unna all laksen produsert til havs, på land og i fjord til saman?

– Me trur uansett at det vil ta mange år før det blir vesentleg volum i eit totalt perspektiv. Og me ser at det har vore ganske lav tilbodsvekst dei siste åra. Me har ein aukande verdsbefolkning og det er ein større del som kjøpe denne type mat. Folk ønsker å ete berekraftig og laks både berekraftig og proteinrikt. Det er avgrensa areal for anna type matproduksjon. Med alle desse megatrendane, er me ikkje bekymra for det.

Vil Salmar Ocean halde fram som del av Salmar eller blir det eit eige selskap?

– Me er inne i ein evalueringsfase for å vurdere ulike alternativ. Det er avhengig av timing — når det skjer ting og i kva rekkefølge. Men det er noko me vurderer fortløpande — og me vil kome tilbake til det. Kanskje me allereie har noko å melde i neste kvartalsrapport.

Bur i kårhuset til Witzøe

Koronakrisa pregar også arbeidskvardagen i Salmar — og for konsernleiinga har heimekontor vore den nye normalen. Romuld har vore mykje i Stavanger det siste året. Men når ho har vore på jobb på Frøya er det kårhuset til konsernsjef Gustav Witzøe som husar ho.

Trine Sæther Romuld og Gustav Witzøe under ein av kvartalspresentasjonane deira frå hovudkontoret på Frøya. Foto: Skjermdump

– Eg får lov å låne det gamle kårhuset til Witzøe. Det er ei lita gammal og koseleg kvit stove som er restaurert. Det er kort veg til jobb — eg brukar ikkje mange minutta til kontoret på Innovamar. Det er kjekt å sleppe å bu på hotell når ein skal vere der. Eg har vore der ganske mykje og har mine egne ting der.

Korleis er det å jobbe for Witzøe?

– Han er ein sterk person som det ikkje går an å bli noko anna enn imponert over når ein ser kva han har bygd opp dei siste 30 åra. Han starta med ein konsesjon og elleve tilsette for 30 år sidan. No har han ei 60-milliardars verksemd. Det går ikkje an å vere noko anna enn imponert.

Kva ville du gjort dersom du var fiskeriminister for ein dag?

– Eg ville fått på plass føreseielege rammevilkår for oppdrett — både når deg gjeld oppdrett på område som me definerer som eksponerte og område til havs. Dette gjeld blant anna areal og konsesjonsregime.

Trine Sæther Romuld sammen med barnebarnet Mileah. Foto: Privat

Framtidsretta næringa

Når det kjem til toppleiinga i dei norske børsnoterte oppdrettsselskapa er det langt mellom kvinner i andre roller enn kommunikasjon og HR.

Romuld erkjenner at også Salmar har ein veg å gå når det kjem til å få fleire kvinner opp og fram. Ho håper fleire kvinner vil melde seg på og ta del i det industrieventyret som er i emning.

– Me har mange damer som jobbar på slakteri og med foredling, men det er det å få endå fleire kvinne opp på mellomnivå. Der kan me bli betre, som veldig mange andre. Det er heilt openbert at dette er ei framtidsretta næring med eit veldig enkelt bodskap: Ein får vere med på å lage berekraftig mat til ein stadig aukande verdsbefolkning.

Ho meiner det er dumt viss bransjen skal få færre flinke folk å velje mellom fordi få kvinner søker på stillingar.

– Eg trur det er ein kombinasjon av at me som næring må jobbe meir systematisk med å få kvinner inn i leiarroller — og så må kvinner søke på stillingar og vere tydelege på eigne ambisjonar og tørre å seie det. Det finst nok mange mytar om at det er for røft og tøft i bransjen. Det er klart at det har vore ei forrykande endring og modning i næringa. Det er mange andre område som blir stadig viktigare: Berekraft, sirkulærøkonomi, HR, kvalitet, omdøme, cyber. Det finst mange moglegheiter i bransjen, avsluttar Romuld — som altså håper ho ser fleire kvinne på søkarlistene i tida framover.

Romuld startar i den nye stillinga til hausten — når Salmar har funne ein ny finansdirektør til selskapet.