Temaet for møtet blir mellom anna korleis ein kan legge til rette for at fiskeindustrien i større grad kan rekruttere blant arbeidslause i Norge, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

På det digitale møtet deltek også arbeids- og sosialminister Henrik Asheim og Nav-direktør Hans Christian Holte.

Førre veke vart det klart at bedrifter kan få kompensert utgifter til innreisekarantene på mellom 800 og 1000 kroner per arbeidstakar.

Myndigheitene har også laga ein tiltaksplan for å redusere smitterisikoen under vinterfisket.