Selskapet driv med strategisk rådgjeving og forretningsutvikling for sjømatnæringa og kommunar. Inaq leverer også fleire ulike tenester til havbruksnæringa og har kompetanse på fiskehelse, fiskevelferd, produksjonsregimer og smittespreiing.

Inntektene i fjor auka til 16,5 millionar kroner, mot 15,3 millionar kroner i 2015. Driftsresultatet auka til 3,2 millionar kroner frå 3 millionar kroner året før.

Det er seks tilsette i selskapet, fem menn og ei kvinne. Dagleg leiar Frode Blakstad er også største eigar med 75 prosent. Partnar Fridrik Sigurdsson eig resten av selskapet.

Nøkkeltal